PARADOKS: - Det er fleire paradoks ved politikken som Sp og Ap fører og har ført dei åtte åra dei satt i regjering, skriv 3. kandidat for Høgre i Sogn og Fjordane, Lise-May Sæle, i dette innlegget.

meiningar

PARADOKS: - Det er fleire paradoks ved politikken som Sp og Ap fører og har ført dei åtte åra dei satt i regjering, skriv 3. kandidat for Høgre i Sogn og Fjordane, Lise-May Sæle, i dette innlegget. (Bilde: Pressefoto)
meiningar

Stortingsvalet 2017

I love you Sogn og Fjordane – røyst på Frida og Erna!

I fire år har Høgre/Frp-regjeringa styrt Noreg med stødige og framoverlente Erna Solberg som statsminister. Vi har vore gjennom tidenes migrasjons- og oljekrise. Det har vore særs krevjande. Likevel går pilane i riktig retning for Noreg. Det er smaklaust av Senterpartiet som ynskjer å feste ei frykt hjå veljarane om at distrikta og Sogn og Fjordane kjem til å gå under. Eg har høyrt, lest og sett eit Senterparti som er desperate i retorikken og metodane for å få regjeringa kasta.

Det er ikkje lett å kome til med fakta når Senterpartiet teiknar eit verkelegheitsbilete som eg trur ingen har lyst til å kjenne seg att i. Påstandane er mange; anten legg vi ned fylket, eller så er det landbruket som går rett vest eller at kommunale tenester skal verte svekka.

Jonas Gahr Støre har til og med påstått at det er pessimisme i distrikta. NRK faktasjekka han, og konfronterer han med at statistikken viser tal med positivt forteikn for distrikta. Deretter spør reporteren om Støre vil trekke tilbake påstanden sin, då svarar han dernest at denne pessimismen opplevde han hos bedrifter og folk rundt om på Vestlandet når han reiste rundt.

Eg veit ikkje kva bedrifter Støre besøkte eller om det berre var skremsel, men eg kan heller forstå bedrifter og folk på Vestlandet som er pessimistiske til skatterekninga på 15 milliardar han skal sende til oss. Server meg gjerne på eit fat den bedriftseigaren som står i demonstrasjon og vifta med armane for høgare skattar, slik at han eller ho ikkje kan investere meir og skape fleire arbeidsplassar.

Det er fleire paradoks ved politikken som Sp og Ap fører og har ført dei åtte åra dei satt i regjering. Når dei satt i regjering vart 8000 gardsbruk lagt ned, 4000 heiltidsbønder gav seg og 5 lokalsjukehus lagt ned. Dei seier ein ting, men gjer noko anna. Støre og Vedum innbiller seg det at å sitje stille i båten og vere heilt musestille, fungerer godt. Ikkje har dei sagt kva dei vil med distrikta, ikkje har dei kome med konkrete punkt på korleis vekst vert skapt, men dei tek den absolutt mest behagelege og lettvinte løysinga: Alle skal få behalde det dei vil, ingenting skal gjerast noko med. Det er som å sjå eit butikkvindauge med Støre og Vedum på vindusglaset: ”Hey, likte du ikke det politiske vedtaket? Vi kan gjerne reversere! Bare stem på oss!” Sjølvsagt ville nok mange vore freista til å gå inn i den butikken, men det er her ein skal vere forsiktig. Historia viser nemleg at sannsynet for at dei faktisk vil gjer noko med det ved eit regjeringsskifte, er særs låg.

 Eit konkret døme er regionreforma; fyrst er Ap for og røyster ja i fylkestinget. Så har dei representantskap og er plutseleg i mot. Så kjem Støre til Vestlandet og seier på framsida til BT: ”Regionreforma mellom Sogn og Fjordane og Hordaland skal ikkje reverserast ved eit eventuelt regjeringsskifte.” OK, tenkjer alle då. Då er Ap for. Nei nei, no har han pussa litt på bodskapen sin att og no skal Sogn og Fjordane Ap få lov til å prøve og reversere. Vart du klokare? Nei, ikkje eg heller. Ap i eit nøtteskal. Men det er soleis synd at noko som skal likne på eit statsberande og ansvarleg parti, ikkje er med og drar lasset når strukturelle grep skal gjerast for at samfunnet kan gå framover – men skal heller tilpasse meiningane sine etter kva fjordarm ein turnerer i.

Men i motsetnad til Sp og Ap, ser eg meg ikkje bakover og eg vil heller ikkje tilbake til steinalderen. Eg er oppteken av lokalsamfunna, bedriftene, skulane og at folk skal kjenne seg trygg i kvardagen. Difor er eg positiv til kommunesamanslåinga, fordi eg ynskjer å kome heimatt til ein kommune der fleire kloke hovud tenkjer i lag om å skape vekst og betre kvalitet i tenestene. Eg er positiv til ei regionreform, fordi eg ynskjer at avgjersler som omhandlar Vestlandet, skal takast på Vestlandet. Når Sp og Ap går i mot regionreforma, går dei også i mot å flytte makt frå Oslo til Vestlandet. Om alle politikarar hadde satt seg på bakbeina, hadde ingenting gått framover.

Vi kan ikkje vere redde for endring, fordi samfunnet endrar seg heile tida. Sentraliseringa starta på 1850-talet med den industrielle revolusjonen, og er ikkje det fryktomgrepet som Sp brukar det til. Det handlar om at menneske flyttar til byane for å jobbe og ta utdanning. Då er det einaste riktige vi i distrikta kan gjere nettopp å omstille oss, snu på kvar stein for å skape den veksten alle pratar om. Den vert skapt av folk som ynskjer å gjere ein skilnad for at lokalsamfunna skal kunne gå framover.

Reiselivet blomstrar, vi ser ein inntektsvekst i landbruket, folketalet aukar i Sogn og Fjordane og 900 arbeidsplassar er skapt i trivselsfylket med Høgre i regjering, kommuneøkonomien har ikkje vore så bra sidan førre årtusen og veksten går opp. Det går bra i distrikta, biletet er ikkje så svart som dei raudgrøne skal ha det til. Eg er ikkje pessimist, eg er optimist på vegne av Sogn og Fjordane. Difor røystar eg Høgre med Erna frå Vestlandet som statsminister og nektar å late meg verte pessimist, sjølv om Støre skulle ha ynskt at eg var det.

- Lise-May Sæle, 3.kandidat for Høgre i Sogn og Fjordane -

Til toppen