LÅGAST ARBEIDSLØYSE: Med berre fem heilt ledige i mai, hadde Lærdal den lågaste arbeidsløysa i fylket denne månaden. Foto: Jan Christian Jerving.
LÅGAST ARBEIDSLØYSE: Med berre fem heilt ledige i mai, hadde Lærdal den lågaste arbeidsløysa i fylket denne månaden. Foto: Jan Christian Jerving.

I mai hadde Lærdal den lågaste arbeidsløysa i fylket

– Det er verd å merke seg at mange av dei større kommunane i fylket har svært låg arbeidsløyse. Sogndal, Førde, Eid, Gloppen og Stryn har alle ei arbeidsløyse på 1,0 prosent eller lågare.

Lærdal: Det seier leiar for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, som konstatere at arbeidsløysa i mai var på sitt lågaste på ni år. Ikkje sidan desember 2008 finn ein tilsvarande tal, opplyser NAV i ei pressemelding.

Ved utgangen av mai var det 855 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 127 færre enn for eitt år sidan og svarar til ein reduksjon på 13 prosent. Med ei arbeidsløyse på 1,4 prosent har Sogn og Fjordane framleis lågast arbeidsløyse i landet.

Sjekk tala for din kommune nedst i artikkelen.

14 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i mai. Reduksjonen er størst i Flora og Selje, med høvesvis 39 og 24 færre ledige enn på same tid i fjor.

Låg arbeidsløyse i store kommunar

Lærdal har lågast arbeidsløyse med 0,4 prosent. Deretter kjem Solund med 0,5 prosent. Den høgaste arbeidsløysa finn ein i Hyllestad og Flora, med høvesvis 3,1 og 2,8 prosent av arbeidsstyrken heilt utan arbeid.

– Det er verd å merke seg at mange av dei større kommunane i fylket har svært låg arbeidsløyse. Sogndal, Førde, Eid, Gloppen og Stryn har alle ei arbeidsløyse på 1,0 prosent eller lågare, fortel Thorsnes.

Samanliknar ein tala med mai i fjor, er det nedgang innanfor stort sett alle område, men størst er nedgangen innanfor industri.

Nedgang for innvandrarane

Elles er talet på heilt ledige innvandrarar frå vestlege land, som stort sett er arbeidsinnvandrarar, redusert med 35 personar frå mai i fjor. Dette svarar til ein reduksjon på 20 prosent. Innvandrarar frå ikkje-vestlege land har ein reduksjon på 18 prosent, medan etnisk norske ledige har ein reduksjon på 10 prosent.

– Innvandrarar har frå før høg arbeidsløyse. Dei er ofte dei første som må gå når tidene blir dårlegare. No når arbeidsmarknaden er i betring, kjem mange inn att, seier Thorsnes.

Kommune Tal ledige Endring frå 2016
Leikanger 13 6
Sogndal 42 -7
Aurland 10 3
Lærdal 5 -12
Årdal 41 8
Luster 31 1

 

Til toppen