SISTE REST: Tindevegen er klar til opning, så lenge vêret roar seg. Frå venstre: Olav Birger Hæreid,  Christopher Ruhmor Gjerde og Frank Eldegard.
SISTE REST: Tindevegen er klar til opning, så lenge vêret roar seg. Frå venstre: Olav Birger Hæreid, Christopher Ruhmor Gjerde og Frank Eldegard.

I morgon opnar dei Tindevegen – trur ny rekordsesong er innan rekkevidde

Aukande interesse for naturopplevingar og fyldig eksponering i TV-ruta gjer at Tindevegen kan få ein kickstart på sesongen. Det kan bety ny passeringsrekord, trur den daglege leiaren.

Årdal: Viss vêret spelar på lag, er Tindevegen klar til opning på fredag.

– Me har forsåvidt vore klare til å opna før, men me har halde att litt på grunn av at vêret har vore ustabilt. Det er normalt på denne tida av åra, seier Frank Eldegard, dagleg leiar for Tindevegen.

ARBEIDSHEST:Olav Birger Hæreid poserar med traktoren som har blitt brukt som brøytebil. Foto: Nils Solheim

I år har dei ikkje måtta bala med dei heilt store snømengdene i år. Kjekk for dei som har ansvar for ryddinga, mindre hyggjeleg for andre.

– For dei som ha lyst å sjå ekstreme brøytekantar så er det ikkje noko særleg med lite snø, men nokre parti er det alltid, seier Eldegard, som ikkje trur det vil legga nokon dempar på reiselysta i år:

Tindevegen stadig meir populær

Tindevegen er ein fjellovergang mellom Turtagrø i Luster og Øvre Årdal. Høgste punkt er 1315 meter over havet. For yrkessjåførane spesielt er det ein fin snarveg mellom Trondheim og Bergen. Men det er først og fremst som turistattraksjon den gjer seg bemerka.

Populariteten har vakse dei siste åra, og dei set stadige besøksrekordar. , 

– Tindevegen gir folk ein snartur frå fjordlandskapet og opp i Jotunheimen. Stadig fleire ønskjer å oppleva vill natur, og då er Tindevegen eit produkt som tilfredstiller. Det er kjekt at han er så populær, seier Eldegard.

I år har naturen rundt Årdal fått mykje merksemd på TV-skjermane gjennom kjendisutgåva av 71 grader nord. Stylist Jan Thomas Mørch Husby var blant dei som fekk eit tøft møte med serpentinsvingane opp mot Tindevegen.

MØTTE VEGGEN: Kjendisstylist Jan Thomas møtte veggen opp bakkane til Tindevegen i niande sesong av kjendisutgåva til 71 grader nord. Slike bilete er god reklame for turistattraksjonen mellom Årdal og Luster.  Foto: Kristin Folsland Olsen/TV Norge

– Det merkar me godt på førespurnadane inn mot ny sesong. Me får mykje spørsmål og ser ein stor og stadig aukande følgjarskare på Facebook. Kanskje går det mot nok ein rekordsesong, seier Eldegard spørjande.

Vegen kan bli utbetra i 2019

Onsdag hadde dei besøk av eit kamerateam frå NRK som laga eit innslag til Norge Rundt.

– Dei vil laga ein reportasje om opninga av fjellvegane våre, og har vore å filma i dag. Det er mogleg det blir sendt no på fredag, og det er kjekt, seier Eldegard.

For hyppige brukarar av Tindevegen har han enno ei gladmelding. Telehiv er eit stadig tilbakevendande problem om våren, og nokre parti på fjellvegen er spesielt utsette. No ser det ut til at det verste strekket vil bli utbetra hausten 2019.

– Det ser me fram til, seier Eldegard.

Til toppen