Når klokka slår 02.00 i natt, startar sommartida og klokka skal stillast ein time fram. Noko som betyr at me får ein time kortare påskeferie.
Det kan vere vanskeleg å holde styr på om klokka skal stillast fram eller tilbake. Her er ein hugseregel frå Justervesenet:
– Ta utgangspunkt i at du ser fram til sommarferien, og at du difor stiller klokka fram på våren. Om høsten lengtar du tilbake til sommarferien og stiller difor klokka tilbake.