STARTAR OPP: I neste veke startar arbeidet med den nye gang- og sykkelvegen mellom Fardal og Ylvisåker opp. Foto: Statens vegvesen.
STARTAR OPP: I neste veke startar arbeidet med den nye gang- og sykkelvegen mellom Fardal og Ylvisåker opp. Foto: Statens vegvesen.

I neste veke startar arbeidet med gang- og sykkelvegen her

Litt over éin kilometer med gang- og sykkleveg skal på plass mellom Fardal og Ylvisåker i Sogndal. 

Fardal: Arbeidet startar opp for fullt i neste veke. Den nye gang- og sykkelvegen skal liggje langs riksveg 55 på sjøsida. 

– Arbeidet omfattar mellom anna riving av ein driftsbygning, eit lite hus og eit naust. I tillegg skal me bygge ei bru og kulvert. Dessutan blir det ein del fyllingsarbeid, murarbeid og arbeid med gatelys, fortel Jan Ole Liljedal i Statens vegvesen.

Arbeidsfelleskapet FS Anlegg As og Brødrene Lomheim har fått oppdraget. Kontraktsummen er på 31,2 millionar kroner.

Artikkelen held fram under biletet.

EIN KILOMETER: Den nye gang- og sykkelevegen vert litt over ein kilometer lang.
EIN KILOMETER: Den nye gang- og sykkelevegen vert litt over ein kilometer lang.

– Med ny gang- og sykkelveg vert det tryggare for gåande og dei som syklar roleg å ferdast langs vegen. 

Vil prege trafikken

Arbeidet kjem til å halde fram heilt fram til desember. Då skal alt stå klart. I mellomtida må pendlarar rekne med noko venting i ulike delar av arbeidet.

– Trafikken vil bli delvis prega i samband med at delar av vegen skal innsnevrast. Me skal også ta att ei bru i Fardal, og då kan det bli noko lysregulering og slike ting, seier Liljedal, men trur det kjem til å gå fint føre seg i trafikken. 

– Dette er slikt som går fint og ordnar seg alltid. Pendlarar må leggja inn litt meir tid på reisa.

Til toppen