MAGISK GRENSE: Svenske Per Stadig måtte fiska i nesten femti tiår før han passerte den magiske 50 punds-grensa. Det skjedde i Lærdalselvi, og svensken sette i same slengen norsk rekord for holaks.
MAGISK GRENSE: Svenske Per Stadig måtte fiska i nesten femti tiår før han passerte den magiske 50 punds-grensa. Det skjedde i Lærdalselvi, og svensken sette i same slengen norsk rekord for holaks. (Foto: Bertil Hareström)

I nesten femti år har han venta på denne augneblinken: – Det kom nokre tårer

Ein svensk laksefiskar landa i helga ein norsk rekordlaks i Lærdalselvi. Men kanskje enno viktigare, han passerte ei magisk han har jakta etter heile livet.

Lærdal: Per Stadigh frå Sverige fanga laurdag ein laks på 131 centimeter og 23,1 kilo. Det er den største holaksen som er fanga i Norge i nyare tid.

– Det kom nok nokre tårer, seier Jens Olav Flekke, som var med kameratgjengen då laksen beit på i Old Pastor, ei kjend høl i Lærdalselvi.

Det var NRK som først melde om rekordfangsten.

Kort kamp, minne for livet

Flekke har fiska på det same strekket fast kvar sommar i snart 30 år. 

– Me visste ho var der. Det er bestanding store lakser som står den hølen, seier Flekke.

Svenske Stadigh har fiska i snart femti år og landa laksar i elver over heile verda. Meir enn 2000 fangstar har det blitt. Men ingenting måler seg med opplevinga han fekk laurdagen.

– Den første reaksjonen hans var at no kunne han berre slutta å fiska. Men så gjekk det ikkje mange timar før han var i elva igjen, seier Flekke.

Ruggen han fekk laurdag var ein av dei kortare kampane. Det tok ikkje meir enn 25 minutt frå fisken beit på, til han vart sleppt ut igjen. Då ho var målt og vegd skjønte dei at det var snakk om norsk rekord.

– Det me alle håpar på

Kanskje like viktig, den svenske fiskaren hadde brote den magiske grensa på 50 pund, eller rundt 22,7 kilo, for første gong i karriera.

– Det er det me alle håpar på, men det er urealistisk å tru at du skal klara det. For min del tok det 30 år. For Per tok det 45 år, seier Flekke om å passera 50 pund-grensa, seier Flekke om bragden.

Sjølv om Flekke og reisefølget forlet Lærdal med ei oppleving dei aldri vil gløyme, karakteriserer han fisket i år som veldig vanskeleg.

 – Eg håpar det skuldast tropevarmen me har hatt. Vårflaumen gjekk så tidleg, at laksen knapt hadde kome til fjordane. Me som fiskar veit at mykje vatn er bra for å få laksen opp i elvene, seier Flekke, som likevel meinte å sjå teikn til betring på slutten av opphaldet.

Til toppen