I rute med Bakeriet
(Foto: Arkiv)

I rute med Bakeriet

Henrik Rønningen ser fram til opne det han kallar «Noregs fetaste rockescena».

– Ting går heilt etter planen. Me vaskar ut lokala tysdag og onsdag før opning onsdag kveld, seier Rønningen til Porten.no.

Då entrar lokale musikarar scena for aller første gong i det som tidlegare var eit bakeri i Øvre Årdal og som no blir eit ekte rockelokale oppkalt etter forgjengaren. 

– Dette er Noregs fetaste rockescena, utan tvil, og vil husa 430-440 menneske, og det er bygd lydmessig saman med Trond Øyre i Øyre Lyd. Han har stått for akustikken.

– No er det opp til årdølene å løfta dette til gamal Stova-stemning. No er rammene på plass. 

Dei siste månadane har det vore hektisk aktivitet i andre etasje ved sidan av Samhold. Etter at eit anna prosjekt for andre etasje stranda, bestemte dei som eig bygget seg for å satse fullt på dette prosjektet. Sidan 10. januar har dei jobba dag og natt for å kome i mål.

Gjennomtenkt

No er det aller meste på plass, og berre detaljar gjenstår før rockemusikk fyller rommet om ein veka. Og det ser ut til at dei har tenkt på det meste.

– Folk kan forventa seg god musikk og treffa folk når dei er ute. Her skal dei ha det hyggeleg saman. Det blir ein bar der ting går fort med berre bong-sal. Logistikkmessig er alt tenkt på hurtigheit fordi det blir mykje folk her, seier Rønningen.

Etter Påskerock blir neste arrangement i mai når Bjølsen Valsemølle kjem til bygda. Tanken er at dei skal arrangere mellom seks og tolv konsertar i året. 

– Poenget er at dette er eit utriveleg lokale med berre 100 gjestar, men det er eit kjempelokale med 350 pluss. 

Bygd for rock

Med Utla Cafe allereie etablert og Tya bryggeri som skal koma i mai, har årdølene plutseleg fått utvida utelivsmoglegheitene betrakteleg. Men den næraste «konkurrenten», viss ein kan kalla det for det, blir truleg kulturhuset. Slik ser ikkje Rønningen på det.

– Bakeriet er eit heilt anna lokale. Årdal har eigentleg no fått tilbake det som det gamle samfunnshuset var, iallfall i nærleiken av det. Her er det rock and roll som gjelder. Kulturhuset er ikkje bygd for slike arrangement som me bygger for, seier han.

Til toppen