FULL VINTER: Ingenting å seia på forholda i Sogndalsdalen i helga. (Bilde: Bård Basberg/SGNskis)

I Sogndal vassar dei i pudder og i Årdal har lysløypa opna rekordtidleg

Skisesongen er i gang for fullt etter heftig snøfall i helga. Natt til tysdag heldt det fram å lava ned.

Sogndalsdalen/Seimsdalen: – Skisesongen har eigentleg vore i gang nokre veker allereie, men det som er nytt denne helga er at det er skiføre der det ikkje er bre eller fjorårssnø. Det skikkeleg gøy, seier Erling Grøstad, dagleg leiar i SGN Skis.

Laurdag tok han turen opp Frudalen i Sogndal, i retning Skjeringane. Der fann han og turkompisen eit heng med knedjup pudder, som du kan sjå på biletet.

Han seier det er langt frå kvart år at dei kan starta skisesongen såpass tidleg.

VINTERIDYLL: Slik såg det ut då Terje Solheim frå Årdal tok turen til Bjødnaholten i helga.
VINTERIDYLL: Slik såg det ut då Terje Solheim frå Årdal tok turen til Bjødnaholten i helga. Foto: Privat

– Det var overraskande bra. Me var budde på at det ville bli knotete å komme seg opp i dalen, men det viste seg at det hadde snødd mykje, heilt ned til vegen, eigentleg. Det var masse lett og fin puddersnø, seier Grøstad, som ikkje minst gler seg over det gode grunnlaget det kvite laget legg for resten av sesongen.

– Spesielt viss det held fram å snø, noko det kjem til å gjera slik det ser ut på vêrvarselet, seier Grøstad.

Terje Solheim frå Årdal har òg vore på skitur i helga og kan melda at det har kome mellom 25 og 40 centimeter snø frå Seimsåsen og opp til Bjødnaholten, eit populært turmål i Offerdalen. 

– Forholda er bra til å vere så tidleg. Eg trur du må 20-25 år tilbake for å finna så tidleg snø, seier Solheim.

Han fortel at 2,5 kilometer av lysløypa no er preparert for skøyting og at skigruppa i ÅTIL skal ha første treningsøkta på ski i kveld. 

– Det er viktig at snøen kjem, ikkje berre for dei aktive, men for å få folk ut på tur. Det er kjekt å sjå at det er mange ute og trimmar, seier Solheim.

Til toppen