UNIKT: I sommar har det ikkje vore registrert eit einaste tap av sau til dei fire store rovdyra. Det er ganske unikt og noko sauebonde Ole Bjarne Hovland gler seg stort over.
UNIKT: I sommar har det ikkje vore registrert eit einaste tap av sau til dei fire store rovdyra. Det er ganske unikt og noko sauebonde Ole Bjarne Hovland gler seg stort over. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

I sommar har det ikkje vore eitt tap av sau til dei fire store rovdyra: – Det er ganske unikt

Då Ole Bjarne Hovland sanka sauene sine for eit par veker sidan, kunne han lykkeleg konstatera at ingen var tekne av rovdyr.

Årdal: Slik er også situasjonen for dei andre sauebøndene i området. Det er ganske unikt, meiner leiar for rovviltnemnda i region 1, Aleksander Øren Heen.

– Sankinga av sau har gått meget bra, fantastisk. Me hadde hovudsanken ei helg, og etter den mangla me seks søyer av 130. Helga etter fann eg dei siste seks. Eg er veldig godt nøgd, seier Hovland. 

– Rovdyrpolitikk som fungerer

Nokre få lam manglar, legg han til, men det er det naturlege årsaker til. Med andre ord er ingen sauer tatt av dei fire store rovdyra denne sommaren. Det står i sterk kontrast til sesongen for berre nokre få år sidan då det var store tap til jerven.

– Eg vil heilt klart skryta av rovdyrpolitikken som fungerer, og som me har etterlyst når det har vore problem. Det vart gjort ein veldig innsats i vinter. Statens naturoppsyn tok ut dei jervane som dei skulle, og då ser me følgjene av det. 

Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn seier dei einaste tapa dei har registrert i sommar er til kongeørn. Han fortel at i hans tid har det ikkje vore så få saker som i år.

Framleis utfordringar

Leiaren i rovviltnemnda, Aleksander Øren Heen, kallar situasjonen for unik, men er klar på at det framleis er mange problem innanfor rovviltforvaltninga.

– At det vart tatt ut sju jervar i region 1 i vinter handlar om påtrykket som den statlege rovviltnemnda som eg forvaltar har lagt på sentrale myndigheiter. Det har virka, men me er langt frå i mål, meiner han.

– Det gjenstår mykje arbeid i endring av regeleverk som går på bruk av midlar, ressursar, beslutningsprosessar og oppfølgjing av stortingsvedtak. I det langsiktige arbeidet er det mange utfordringar som må løysast på ulike nivå, mest på sentralt nivå.

Til toppen