GÅR GLIPP AV MILLIONAR: Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling, meiner butikkane i Årdal kan gjera tiltak for å dra nytte av sommarturistane som passerar torget.
GÅR GLIPP AV MILLIONAR: Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling, meiner butikkane i Årdal kan gjera tiltak for å dra nytte av sommarturistane som passerar torget. (Foto: Pressefoto)

I sommar kan Årdal ha gått glipp av 12 millionar kroner grunna stengde dører

Stengde dører og begrensa opningstider kostar besøksnæringa i Årdal dyrt.

Årdal: Frå mai til og med august, var det i år over 5000 bilar som køyrte på Tindevegen mellom klokka 17.00 og 20.00. Desse må passera torget i Øvre Årdal, anten dei skal opp eller kjem ned.

Dette er pengar besøksnæringane i Årdal går glipp av, sidan dei fleste butikkane er stengde. Det meiner Terje Laberg, dagleg leiar i Årdal Utvikling. 

– No når me endeleg har klart å auka tal på besøkjande, er det heilt katastrofe at me ikkje får dei til å bruka pengar her, seier Laberg.

Kvar turist legg att 1200-1800 kroner i snitt

Laberg meiner det er to måtar besøksnæringa kan utnytta moglegheitene på: 

– Det eine er utvida opningstider om sommaren, og den andre er at me forskyver opningstidene med nokre timar, slik at det alltid er eit tilbod for turistane. Det er ikkje sikkert at det er dei første to timane om morgonen som er dei mest lønsame. 

Han har forståelse for at butikkane kan meina at det er kostbart og at dei kanskje ikkje vil sjå effekten av auka omsetnad før endringa har vart ei stund. Samstundes legg han vekt på at det er verdt å satsa. 

Ein norsk ferieturist brukar 1200 til 1400 kroner i gjennomsnitt på eit dagsbesøk. For ein utanlandsk turist er talet 1600 til 1800 kroner. Det skriv Innovasjon Norge i ein rapport frå turistsesongen 2015.

I tillegg er det i gjennomsnitt 2,5 personar i kvar bil, seier same rapport. Dette gjev eit interessant reknestykke.

Sei dei 5000 bilane som passerte torget mellom klokka 17 og 20 i sommar, hadde 2,5 utanlandske turistar ombord. Og at dei stogga på torget og brukte 1800 kroner kvar. Då kunne besøksnæringane henta inn 22.5 millionar kroner. 

Laberg påpeikar at slik rekning berre er fantasi.

– Det er vanskeleg å rekna fram nøyaktige tal, men me reknar oss til at Årdal kunne ha tent mellom åtte og 12 millionar kroner dersom me hadde klart å tilpassa butikktilbodet mot dei besøkjande. Dette går på opningstider og vareutval, seier han. 

STORT POTENSIAL: Grafen gjeld detaljhandel u/motorvogn og syner kva omsetnadssandelar terminane har i prosent av årsomsetnaden 2017. Både Lærdal og Aurland ligg langt over Årdal i sommarmånadene. Illustrasjon: SSB/Balanza Gruppen AS.

Må spissa vareutvalet mot kundane

Dersom ein samanliknar Årdal sine reiselivsinntekter med inntektene til nabokommunane Lærdal og Aurland, er det ein merkbar forskjell. 

I Årdal toppar handelen seg mot jul, medan den både i Lærdal og Aurland toppar seg i sommarmånadane.

Laberg seier dette skjer fordi butikkane ikkje er flinke nok til å spissa vareutvalet mot kundane om sommaren. Derimot er butikkane flinke til dette når det nærar seg jul, då handelen ligg på topp i kommunen.

– Dei besøkjande som kjem om sommaren, har eit behov når dei er på tur, og der er ikkje me gode nok. Til dømes kan noko så enkelt som ein badering eller badetøy gjera forskjellen, seier han. 

Kan trekka inspirasjon frå Flåm

Vidare påpeikar han at Årdal har like mange besøkjande som Lærdal om sommaren, men at Lærdal har høgare effekt. 

Han trekker fram bodene som poppar opp i Flåm om sommaren.

– Dette er tilreisande som kjem og set opp boder og driv sal om sommaren. Desse inntektene går ikkje direkte til besøksnæringa i Aurland, men det får turistane til å stogga i Flåm og bruka tid der, som igjen fører til pengar.

Laberg seier dette er noko Årdal kan dra inspirasjon frå.

– Det ein kan gjera er å ha boder, kunstgalleri, eigenproduksjon og mat og blomar. Dette kan gjera at turistar stoppar i Årdal og brukar penger her. 

Til toppen