FRISK SATSING: Terje Kjørnes og Eli Helga Grimsen framfor det nye området på campingplassen dei skal utvikla dei neste åra.
FRISK SATSING: Terje Kjørnes og Eli Helga Grimsen framfor det nye området på campingplassen dei skal utvikla dei neste åra. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

I sommar måtte dei avvisa turistar fordi det var fullt, no vil dei utvida

Kjørnes Camping i Sogndal vil satsa 12-15 millionar kroner på å utvida campingområdet, byggja fleire nye hytter og eit naustområde.

Sogndal: – For oss er det snakk om store investeringar, så me må ta det litt av gangen, seier Terje Kjørnes, som driv campingen saman med kona Eli Helga Grimsen.

Då dei tok over i 2001 slutta han som bonde, og ho som lærar. Sidan har dei investert for 16 millionar. No reknar dei det opphavlege området for ferdig utvikla.

– Då er det neste store område som står for tur, seier Kjørnes.

NY DRAKT: Det gamle naustet som stod her blas vekk på 80-talet. Det nye skal bli ein idyllisk opphaldsplass ved fjorden for badeglade turistar. Foto: Halvor Farsund Storvik

Sprengt kapasitet

Det nye området er på ti dekar, eller same storleik som halvanna fotballbane, og vil ha plass til 40 bubilar, campingvogner, eller telt.

I tillegg håpar dei å få godkjent reguleringsplanar som opnar for å bygga fleire hytter nede ved fjorden, og eit naust i framkant.

– Me har alt for lite hyttekapasitet. Dei er fullbooka før sommaren startar, Eli Helga Grimsen.

I sommar fekk dei dispensasjon til å ta i bruk det nye området. Frå juli stod det klart til å ta imot storinnrykket av turistar.

– Det var veldig bra me fekk ta det i bruk, for me såg det at det strøymde på med folk. Me måtte faktisk stenga plassen på ettermiddagen store delar av juli. Men det er eit luksusproblem, seier Kjørnes.

Atten år med vekst

Naustet dei har planar om, skal byggast opp på ein holme der det stor eitt frå gamalt som blas vekk. Her skal campinggjestane få ein plass å der dei kan sitta og kosa seg, og bada frå nede ved sjøen.

Det store spørsmålet er kva dei skal gjera med fjøsbygget, som har stått tomt sidan gardsdrifta vart lagt ned.

– Me har planar om å gjera noko med den i tillegg, men har ikkje heilt landa den.Me er litt usikre på kva me skal gjera, så viss du har ein god idè er det berre å seia frå, seier Kjørnes.

Det vert eit stort løft for campingplassen, men erfaringa til no er at det løner seg. Frå 7000 gjestedøgn i 2000 har dei vakse til godt over 40.000.

– Me har vore ekstremt heldige, bank i bordet. Me har hatt auke kvart einaste år, både i omsetning og gjestedøgn. Me har hatt marknaden med oss heile vegen, seier Kjørnes.

Til toppen