I ti år har seniorane dansa – her vert det feira

Torsdag var det duka for jubileumsdans for å feira ti år med seniordans i Lærdal. 

Lærdal: Den 5. oktober 2006 hadde dei si første øving. I dag, ti år seinare, var det jubileumsfest for seniordansen i Lærdal. På programmet stod mat, kake, talar, song – og sjølvsagt dans. 

– Det er veldig kjekt å få vere med her for då kjem eg nærare dei eg gjerne har sett namnet på i andre samanhengar. Det er kjekt å koma rundt og sjå folk, seier Olaug Bakke Gjengedal, som er fylkesleiar i seniordans. 

Sjå bilete frå jubileumskvelden i galleriet øvst i artikkelen.

Ho hadde med seg blome og bordflagg og gode ord til dei mange som deltok på festkvelden på Lærdalsøyri skule torsdag ettermiddag. 

Krev mykje planlegging

I ti år har dei halde det gåande i Lærdal, og det er ikkje verst. Seniordans Norge er ein forholdsvis ung organisasjon. I Sogn og Fjordane er dei eldste laga 15 år gamle. Totalt er det 34 lag med 700 dansarar.

– Det er veldig flott at dei har halde på i ti år. Det krev ganske mykje planlegging og innsats av dei som er instruktørar som held det gåande kvar veke. Det er veldig utviklande for både dei og dei som må lære, seier Gjengedal. 

Sosialt og bra for helsa

For seniordansen i Lærdal starta det heile altså i 2006. Då var det LHL og Revmatikerforeninga som sende folk på kurs. Sidan har det gått litt opp og ned med tal dansarar, men alltid har det lege stabilt på vel 20 dansarar.

– Enkelt dett frå fordi helsa sviktar, men då kjem det nye til. Me prøver å dra med oss fleire, men me må for det meste leie dei inn, smiler Jakob Vik. 

– Og så er det mest damer då, men det er kanskje naturleg fordi det er mange enker som er med. Dei sit ofte åleine heime, og då er det positivt å få koma ned hit, ikkje berre for dansen og helsa si skuld, men også det sosiale, legg han til.

Krevst konsentrasjon

For det er mange goder ved å dansa. Smila sit laust, men ein kan også sjå på ansikta at det krevst konsentrasjon for å henge med på stega. 

– Du må følgja med. Det nyttar ikkje å tenkja på kva du skal ha til middag, for då trør du feil, ler Vik. 

Med flott musikk og enkle dansetrinn er det ingen tvil om at dette er eit tilbod som betyr mykje for dei som er med. Og oppmodinga er klar frå dei alle om at fleire er hjarteleg velkomne til å ta seg ein sving saman med dei. 

Til toppen