DRØFTA: Formannskapet i Lærdal drøfta merknadane som er kome i høve reguleringsplanen for Håbakken. F.v.: Gro Starheimsæther, Jan Geir Solheim (Begge Sp), Trond Øyen Einemo (H), Annike Vanberg (SV) og Kåre Mentz Lysne (Ap) - for høvet i Borgund samfunnshus
DRØFTA: Formannskapet i Lærdal drøfta merknadane som er kome i høve reguleringsplanen for Håbakken. F.v.: Gro Starheimsæther, Jan Geir Solheim (Begge Sp), Trond Øyen Einemo (H), Annike Vanberg (SV) og Kåre Mentz Lysne (Ap) - for høvet i Borgund samfunnshus (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

I tidsnaud med Håbakken

Både NVE, Fylkesmannen og Statens Vegvesen har kome med merknader til reguleringsplanen for Håbakken. Då kan det bli utfordrande å få vedteke planen før årsskifte.

Lærdal: – Me har to bedriftsetableringar som ønskjer rask avklaring. På den andre sida må me utføra tilstrekkjeleg sakshandsaming. Eit ekstraordinært kommunestyremøte kan bli aktuelt, spesielt i høve Ecoinowaste, sa rådmann Alf Olsen jr. i formannskapet torsdag.

Reguleringsplanen for Håbakken fekk 18 innspel eller merknader i den no avslutta høyringsrunden. Tre av desse kom frå offentlege etatar - Fylkesmannen, NVE og Statens Vegvesen. Innvendingane deira går ut på følgjande:

  • Manglande vurdering av erosjonsfare langs Kjerringgjel 
  • Oppfyllinga av utbyggingsområda innanfor planområdet fører til vesentleg ulempe for areal og tiltak utanfor planområdet. 
  • Krav om restaurering av elvekilen og trygging av vasstilførsel gjennom området 
  • Krav om ein annan vegklasse enn det som er lagt til grunn i reguleringsplanen

Artikkelen held fram under biletet

PLANAR: Johannes Myrmel (t.v.) har vore byggjesakshandsamar i Lærdal kommune i tida då Håbakkenprosjektet har skride fram. Ny byggjesakshandsamar er Jan Olav Åsarmoen Møller (i midten). Prosjektleiar i Lærdal Næringsutvikling, Jan Petter Vadheim til høgre.
PLANAR: Johannes Myrmel (t.v.) har vore byggjesakshandsamar i Lærdal kommune i tida då Håbakkenprosjektet har skride fram. Ny byggjesakshandsamar er Jan Olav Åsarmoen Møller (i midten). Prosjektleiar i Lærdal Næringsutvikling, Jan Petter Vadheim til høgre.

– To løp samstundes?

Selskapet Ecoinowaste er oppretta i regi av Simas Næring AS og planlegg å byggja pelletsfabrikk på Håbakken.

Les også: Håbakken kan få trepelletsfabrikk

Les også: Folkemøte om Håbakken - Mange var litt skuffa

Les også: – This is the future

Dei har signalisert eit sterkt ønskje om klarsignal før årsskiftet. Også Lærdal Grønt ønskjer rask avklaring i høve å flytta verksemda frå Grandane på Lærdalsøyri opp på Håbakken:

– Eg trur det er vel ambisiøst å få klart dette til komunestyret 15.desember, men ein bør kunne klara første kommunestyre over jul. Håbakken 1 er ikkje mogen grunna motføresegner, men Håbakken 2 kan vera mogleg.

Håbakken 2 er området lengst nordvest der Ecoinowaste vil leggja pelletsfabrikken, Håbakken 1 det større området mot søraust Lærdal Grønt ønskjer å flytta til.

OMRÅDA: Flyfoto der Håbakken 1 og 2 er teikna inn. Kjelde: Lærdal kommune
OMRÅDA: Flyfoto der Håbakken 1 og 2 er teikna inn. Kjelde: Lærdal kommune

Ordførar Jan Geir Solheim spurde Myrmel om det var ein moglegheit å få gjennom Håbakken 2 først og deretter Håbakken 1.

– Kan me køyra to løp samstundes?

– Det vil kunne vera fornuftig med vedtak i den eine og føringar i den andre, ja. Det er avklaringar med Fylkesmannen, NVE og Vegvesenet det først og fremst står på, svara Myrmel.

Mange merknader knytt til pelletsfabrikken

Dei 15 andre merknadane kom frå ei rekkje privatpersonar, interesseorganisasjonar knytt til fiske i Lærdalselvi, Lærdal Grønt, Raudt Lærdal og Felles landbrukskontor ÅLA.

Desse merknadane oppsummerte Myrmel:

– Veldig mykje er knytt opp til industriprosjektet. Me har vore opne på at me ikkje har utgreia konsekvensane i denne fasen - at det må koma i neste omgang. Det er stort ønskje om meir informasjon rundt naturkonsekvensane av etableringar. Elles er det også positive merknader, fleire er nysgjerrige på prosjekta. Nokre merknader ber tydeleg preg av at dei er mot dette og angrip det som er gjort i prosessen til no. Me har kanskje handtert spørsmålet om bumiljø litt for overflatisk, her kunne ein ha trekt saman landskap og støy.  

Les også: – Kan me bu her i framtida?

Les også: – Naboane skal vera skadelause

Les også: Dette er støygrensene

Eit spørsmål som kom opp i formannskapet var også om ein burde laga ein detaljreguleringsplan - ein plan handlar om bruk og vern av mindre områder, og for utforming, bruk og vern av bygningar, uterom og anlegg. Særskild kan dette vera aktuelt for Håbakken 2, sa Kåre Mentz Lysne (Ap)

– Det vil kunne vera lurt å laga ein detaljreguleringsplan på industriområde for å imøtekoma det som har kome fram. 

Formannskapet gjorde ikkje vedtak i saka, dette var ei drøftingssak. Ordførar Solheim konkluderte slik:

– Me sjekkar med aktørane om me kan venta til første kommunestyre etter jul eller om det må ekstraordinært møte til.

Siste ordinære kommunestyremøte før årsskifte er 15.desember, første på nyåret 9.februar

Til toppen