Lærdal: Ivar Molde la ned revefarmen sin i Lærdal i 2015. Då var garden den eldste pelsfarmen i heile landet som enno var i drift. Attåt sauer, kyr og oksar hadde han oppimot 900 revar då han la ned pelsdrifta. Garden driv han framleis, men no berre med drøvtyggjarane.
I 1929 kjøpte bestefaren hans fire revar på Møre, to av kvart kjønn. Det vart starten på eit revefarmeventyr i familien som vara i over 85 år. Ivar Molde stod ansvarleg for drifta dei siste 35.

Sundag gjorde den nye regjeringa det klart at ingen får driva med pelsfarm i Noreg inn i år 2025. Molde er i mot vedtaket og synest synd på dei som har investert dei siste åra. Samstundes meiner han næringa kan takka seg sjølv.
– Dei tenkte på pengar utan å tenkja dyrevelferd. Dei tok ikkje omsyn til dyra, seier Molde.
– Kva skulle oppalsbransjen gjort annleis?
–Dei skulle ikkje berre fremja agendaen om at alle pelsdyrbøndene må verta store. Dei store alarane miste heilt kontrollen over dyra, og då måtte alle dyretragediane koma.
Molde: – Realismen vart vekke
Molde hevdar Norges pelsdyralslag miste bakkekontakten på 2000-talet og fram mot priskrakket i 2014.

–Når prisane gjekk opp og avkastninga var ekstra god, tykte dei det berre var å pøsa på, og finna alle smutthól i regelverket for å verta enda større og auka fortenesta endå meir. Det at pelsdyralslaget vart so grådige har teke knekken på næringa.
– Korleis?
– Realismen vart vekke. Dei oppmoda oss om å ha oppi fleire tusen dyr. Me skulle ikkje vera små. Me skulle berre hausta mest mogleg. Minkfarmarar fekk opp i 10 000 dyr på èin farm. Det er ikkje mogleg å driva forsvarleg slik.
Norsk pelsdyralslag svarar på kritikken nedst i artikkelen
Molde seier at særleg mange minkfarmarar øydelagde for næringa ved å ta heilt av, godt hjelpte av pelsdyralslaget.
– Dei siste åra eg var i næringa, opplevde eg at du ikkje lenger kunne vera liten og ha kontroll på dyra. Hadde du 100 eller 150 dyr var du til å le åt.

Ikkje like kjekt å vera bonde når du ikkje vert kjent med dyra
Ikkje berre meiner Molde at auken i produksjonsvolum førte med seg meir vanstell på mange av gardare. Han tykte òg eit viktig aspekt ved å vera bonde forsvann.
– Når eg hadde 100 alsdyr, kjende eg kvart individ. Det er det same som med sauene mine. Men når talet på dyr skal opp i fleire tusen, so er ikkje det ein sjanse til at det vert slik.
Sjølv kom han opp i mellom 800 og 900 dyr og ynskte ikkje å ha fleire. Sjølv om revefarmen gjekk for å vera liten, var han likevel so stor at han ikkje lenger kjende han fekk det forholdet til dyra som han hadde hatt.
Molde: – Det distriktspolitiske argumentet har mista all kraft
Sogn og Fjordane var ein gong i teten i landet når det galdt pelsdyrfarmar, men i dag er det berre nokre få pelsdyrfarmar att på Breim og i Nordfjord, i tillegg til det eine bruket som er att i Lærdal. Molde meiner det kan vera snakk om sju farmar i heile fylket.
Porten.no har vore i kontakt med Norges pelsdyralslag og Landbruksdepartementet. Onsdagen hadde ingen av dei høve til å gje noko informasjon omkring talet på pelsfarmar før og no.
– I Lærdal var me 26 farmarar då eg overtok garden etter faren min, no er det éin att. Miljøet har forsvunne. Då kan ein ikkje lenger seia at pelsfarmane er viktige for bygdene. Næringa har lege med knekt rygg lenge. 200 bruk på landsbasis er ikkje mykje å snakka om.
Særleg var det utetter på 2000-talet at den eine farmaren etter den hin gav seg, på same tid som farmane skulle verta so veldig mykje større.
For eksempel var det flust i pelsfarmar i Vang i Valdres, men ikkje éin av dei står att. I Hemsedal og Ål var det oppi nitti farmarar på 1980-talet, medan det no er tre att, ein av dei i Ål.
— Han i Ål er over 90 år gamal. Og so snakkar dei om pelsdyrmiljøet. Sanninga er at det miljøet er borte, seier Molde.
Han meiner det er to grunnar til det. Den eine er at «næringa ikkje fekk fred», og at pelsfarmarar knapt torde å høyra med borna sine om dei kunne tenkja seg å føra bruka vidare.
Og so trur han mange miste lysta når Norges pelsdyralslag køyrde so hardt på at farmane måtte veksa. Farmarar vegra seg for å ta fatt på slik storproduksjon av omsyn til dyra, og av di det ville verta ei økonomisk tung bør å bera om prisane brått skulle dreia nedover.

Prisutviklinga vart den avgjerande faktoren
Tysdag skreiv Porten.no om den siste pelsdyrbonden i Indre Sogn, lærdølen Olav Haugen. Eit av dei samfunnsnyttige aspekta ved pelsdyrhald som han heldt fram, var at dyra et 50 000 tonn slakteavfall årleg frå norske slakteri.
Likevel var utfordringar med fôret noko av det som bekymra Molde då han dreiv. Før var det mange sokalla slaktekjøken kringom i landet som spesialiserte seg på å laga fôr til pelsdyra.
Det var også eit slikt slaktekjøken i Lærdal, men det laut leggja ned, til liks med dei fleste andre. I dag er det berre tre slike fôrleverandørar att i heile landet.

Når alt det er sagt var det likevel prisfallet på pels i 2014 som gjorde at Molde til sist valde å trekkja inn årane.
– Framleis er prisnivået dårleg, salet går treigt, og fôret er voldsomt dyrt. No må du vera kjempestor skal du driva med godt utbyte.
Den russiske rubelen gjekk på ein skikkeleg smell i 2014, og valutaen er framleis mykje svakare enn han var før 2014. Men færre pengesterke russarar var berre éin av grunnane til at store pelsdyrforhandlarar i utlandet merka nedgang i etterspurnaden.
Ein viktigare grunn til prisnedgangen er Kina, meiner Molde.

– I Kina og i andre land er det ikkje skikkelege krav til dyrehaldet, og det har drive prisane ned og sytt for ein overproduksjon.
Han minner om at prisane på pels alltid har svinga veldig, og at ein i gode år har tent særs godt. Men han tykte det vart fåfengt å venta på ein opptur no.
– Du kan ikkje leika butikk. Du driv butikk, og difor laut eg gje meg. På 1970- og 1980- tallet fekk me 2000 kroner for skinnet, og det kosta 100 kroner å fôra fram dyret. No får ein 1000 kroner for skinnet, og det kostar 700 kroner å fôra dyret fram. Det er hovudgrunnen til at eg gav meg.
Molde vaks opp på revefarm, og som femtenåring var han sterkt delaktig i drifta og glødande interessert.
– Eg skulle ha gjeve meg med pelsdyrdrifta før, eg var for standhaftig. Men eg var levande oppteken av pelsdyr og ynskte ikkje å gje meg.
Norsk pelsdyralslag svarar på kritikken
Guri Wormdahl i Norges pelsdyralslag minner om at bøndene pliktar å sjå til alle dyra og velferda deira to gonger om dagen, og at pelsdyrgardane i landet er underlagt eit strengt kontrollregime frå Mattilsynet, med både umelde og melde inspeksjonar.

– Kva seier du til Ivar Molde sin påstand om at pelsdyrnæringa såg seg blinde på profitt då prisane på pels steig på 2000-talet, og at det gjekk på dyrevelferda laus?
– Det er klart at folk vert freista til å byggja ut eit virke som går lukrativt. Når prisane stig og etterspurnaden aukar, so var det mange farmarar som ynskte å auka produksjonen, seier Wormdahl i pelsdyralslaget.
Ho vil ikkje avvisa kritikken til Molde som usann, men trur mykje kan handla om korleis han har tolka det som har vorte sagt.
– Me ser at det finst mange veldrivne små gardar. Men det er mange som har satsa på pelsdyr som hovudnæring og driv i mykje større målestokk, slik me òg har sett elles innan landbruket. Og på generell basis finst det ikkje noko grunnlag for å hevda store gardar har dårlegare dyrehald enn små.
Meiner det er umogleg å gøyma vekk dårleg dyrehald i dag
Ho vil ikkje gå med på at ein ny generasjon minkfarmarar kom inn og «øydelagde bransjen».
– Me har hatt cowboyar i pelsdyrnæringa, både innan mink og rev, men det har me fått rydda opp i. Det er ikkje rom for noko tull og tøys i næringa. Samfunnet aksepterer ikkje det, og me aksepterer ikkje det.
Ho vedgår at nye farmarar som har kome til ofte har tenkt større og hatt nye tankar samanlikna med mange frå den eldre garden.
– Det er noko me ser i heile landbruket. Den som får plassen i kårstova har ei litt anna haldning enn den nye generasjonen som overtek. Det er ulike vis å driva landbruk på frå generasjon til generasjon. Somme tenkjer meir moderne, andre mindre moderne.
Wormdahl understrekar at med eit so grundig kontrollregime som det er i dag, ikkje er mogleg å gøyma vekk dårleg dyrehald. Men ho legg til at folk i bransjen kan ha forskjellige syn på kva som er godt dyrehald.
– Mitt subjektive inntrykk er at mange yngre som har starta opp dei seinare åra heilt klart har eit litt anna syn på dyrevelferd enn mange av dei eldre farmarane.