Vik: Helsevesenet treng smittevernutsyr i møte med koronasjuke pasientar. No etterlyser Vik frivilligsentral folk som vil vere med på ein dugnad der dei syr smittevernutstyr til kommunen.

I Vik har dei starta dugnad for å sy smittevernutstyr
Mykje tyder på at det er stor uvisse kring når sendingar med smittevernutstyr kjem til Noreg. Difor har frivilligsentralen i Vik organisert ein dugnad for å sy smittefrakkar til Vik kommune.