SOGNDAL: – Det hadde vore stas å få jobbe i ein klubb som rykker opp til eliteserien, seier Ida Flæthe Solheim, medan ho lener seg tilbake i sofaen med eit lurt smil.

Ida (31) har trua på opprykk – men då må Bakke først få orden på ein liten detalj
Fire dagar i veka sørger Ida Flæthe Solheim i Sogndal Fotball for at alt er på stell med post, handlelister og trykking av drakter. Men ho rekk også å gjere opp seg nokre tankar om kva som skal til for å føre klubben i sitt hjarte opp att til det øverste selskap.