IDÈRIK FORSAMLING: Roar Werner Vangsnes i Opplev Leikanger hadde invitert folk til ein temakveld der målet var å inspirere til å skape meir opplevingar og aktivitetar for turistane.
IDÈRIK FORSAMLING: Roar Werner Vangsnes i Opplev Leikanger hadde invitert folk til ein temakveld der målet var å inspirere til å skape meir opplevingar og aktivitetar for turistane.

Idèdugnad for reiselivet på Leikanger​

Mangel på aktivitetar og opplevingar har vore ein bremsekloss for turismen på Leikanger. Det ønskjer lokale krefter å gjere noko med.

Leikanger: – Me treng ei mobilisering, ikkje berre av idear, men av folk som har lyst til å utvikla noko, seier Roar Werner Vangsnes i Opplev Leikanger.

Han hadde invitert reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord som utfordra systrendingane på akkurat det: å skape aktivitetar som turistar får lyst til å oppleve.

TRENG AKTIVITETAR: Sykling, vandring, ski og fjordaktivitetar er satsingsområde på heile Vestlandet og opplevingar Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord meiner systrendingane kan tene pengar på å tilby turistane.

– Leikanger treng entusiastar, drivarar, folk som torer å investera, vera gründarar, ta ein sjanse, etablera aktivitet og stola på at dei vil tena pengar. Det er heilt nødvendig, seier Brandshaug.

Les også: Dei trur terrorfrykt forklarer ny rekordsesong
Les også: – Dette må til for reiselivet

Han meiner Leikanger har naturgjevne rammer for å lukkast. I tillegg til flotte fjell og fjordar, ligg kommunen strategisk til mellom Balestrand, Sogndal og Flåm, som alle opplever vekst i turismen.

– Her er det moglegheiter, men då må du tole å blø litt eit år eller to, før du gir gass, seier Brandshaug.

Roar Werner Vangsnes registrerte at det ikkje skorta på idèar denne gongen heller. Padleaktivitetar på fjorden og sykkelstiar mellom Sogndal og Leikanger var blant forslaga som kom på bordet.

– Det som var bra denne gongen var alle dei konkrete forslaga. Så det er ikkje tvil om at slike kveldar har stor betydning, seier han.

Til toppen