SKAL TENKJE HØGT: I går tok denne gjengen del i idèmyldring for å utvikle uteområda på skulane i Årdal. Frå venstre: Synnøve Strand, Gunnvor Haug Moen, Silje Vetti Grøndal, Marie-Helene Hollevik Brandsdal og Sara Brandsdal.

Idèmyldring for å skape draumeskulen​

Årdal skal lære av Vågsøy, som har brukt tippemidlar til å skape «det mest spenstige uteområdet på ein norsk skule».

Årdal: Påstanden tilhøyrer Atle Skrede, rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Denne veka var han på besøk på skulane i Årdal og oppmodinga var enkel: tenk kreativt og søk tippemidlar.

OMREISANDE RÅDGJEVAR: Atle Skrede, rådgjevar i fylkeskommunen, oppmodar kommunane om å søke tippemidlar til å utvikle uteområda på skulane.
OMREISANDE RÅDGJEVAR: Atle Skrede, rådgjevar i fylkeskommunen, oppmodar kommunane om å søke tippemidlar til å utvikle uteområda på skulane.

– Støtteordningane er veldig gode, det handlar om å bli litt meir bevisste på at dei finst. Mange trur spelemidlar berre er for idrettsanlegg. Kanskje gløymer dei litt på skulane at dette er ei veldig god kjelde til finansiering, seier han.

Les også: Alt i boks – no kjem det klatrepark her
Les også: Ballbinge fekk grønt lys

– Lite å finne på ute

Over dei neste fire åra skal han besøke alle skulane i fylket. Årdal er den andre kommunen han er innom. Etter ein heil dag med møter og synfaringar, samla ein god gjeng seg i kulturhuset i Øvre Årdal til idèmyldring.

Elevtrioen Synnøve Strand, Sara Brandsdal og Silje Vetti Grøndal kan mest av alt tenkje seg ein ny fleirbrukshall i bygda. Men dei har òg late seg inspirere av planane dei fekk sjå frå Vågsøy.

– Det hadde vore veldig kjekt å få til noko liknande her. Då hadde det blitt masse forskjellige tilbod, seier Strande.

– Det er veldig kjedlig slik det er no. Alle sit inne, for det er ikkje så mykje å finne på ute, bortsett frå å spele fotball, seier Silje Vetti Grøndal.

STORE MOGLEGHEITER: Også på synfaringane tidlegare på dagen, som her på Farnes skule, kom det inn mange innspel til moglege tiltak. 
STORE MOGLEGHEITER: Også på synfaringane tidlegare på dagen, som her på Farnes skule, kom det inn mange innspel til moglege tiltak. 

Stor utvikling med små midlar 

Idrettskonsulent i kommunen, Arne Hovland, seier dei allereie har fått masse innspel på kva folk ønskjer seg, og ikkje alle forslaga er avgrensa til skulane.  

På Tangen ønskjer folk seg ny speakerbu og klubbhus, rulleskiløype og skitrekk i Seimsåsen, for å nemne noko. På Øvre ønskjer dei seg storhall, klatrepark, sandvolleyballbane, bocciabane og klatrejungel.

– Eg trur dette er startsskotet for utviklinga av skuleområda i Årdal, seier Hovland.

Han meiner nøkkelen er å få forankra innspela politisk og at kommunen er villig til å forskottere spelemidlar. I dag er ventetida to år for nærmiljøanlegg.

– Som vist i dag er det veldig gode ordningar som gjer det veldig billig for kommunane å byggje slike nærmiljøanlegg. Det er ei ganske formidabel utvikling du kan få til med relativt små midlar, seier idrettskonsulenten.

Til toppen