KLAR FOR COUNTRYFEST: Steffen Jakobsen frå Grimstad spelar i ridehallen på Kaupangar laurdag kveld.
KLAR FOR COUNTRYFEST: Steffen Jakobsen frå Grimstad spelar i ridehallen på Kaupangar laurdag kveld. (Bilde: Skorstøl foto)

Idol-Steffen til Sogndal: – Er melodiane og tekstane som betyr noko

I kveld er det countryfest i ridehallen på Kaupanger med artisten frå Grimstad.

Sogndal: Steffen Jakobsen vart nummer tre i talentkonkurransen Idol 2013. Han har mellom anna spela i store countryfestivalar, og skal spela i Nord-Dakota seinare denne månaden på arrangementet Norsk Haustfest.

No spelar han countrymusikk i ridehallen på Kaupanger. Det er Sogndal Hestealslag som står bak arrangementet.

Jakobsen seier til Porten.no at han har vore i Sogndal ein gang tidlegare i høve eventarbeid, og gledar seg veldig til å spele laurdag kveld.

Tradisjonell country

På spørsmål om kva låtar han vil spele, seier Jakobsen at «Hard Working Man» har vore spelt ein del sidan det var hans første sjølvskrivne sang for elleve år sidan. Elles har han «Your Man» og «Music Man» som er veldig mykje spelt.

– Den første låten eg lærte spele var «Folsom Prison Blues» av Johnny Cash seier Jakobsen. Han legg til at artistane som inspirerer er Merle Haggard og Randy Travis.

Haggard vart av det amerikanske magasinet Rolling Stone kåra til å vere ein av dei største countrymusikarane gjennom alle tider. 

 – Dei treff meg. Det er melodiane og tekstane som betyr noko, avsluttar Jakobsen.

Agna Hollekve i Sogndal Hestealslag seier til Porten.no at dei har selt 120 billettar på førehand.

Til toppen