STORSLÅTT: Slik kan det bli sjåande ut dersom hallanlegget blir realisert.
STORSLÅTT: Slik kan det bli sjåande ut dersom hallanlegget blir realisert. (Bilde: Stiv Kuling)

Idretten i Sogndal kan få ny boltreplass til 78 millionar kroner

Nyteikna planar kjem på bordet til politikarane torsdag.

Sogndal: Idretten treng meir boltreplass og løysinga dei håpar på er to hallar som tener fleire funksjonar: ein såkalla basishall, eller ein slags turnhall, og ein fleirbrukshall med handballbane.

I tillegg er det teikna inn eit klubblokale, med vrimleareal og enkel kiosk. I kjellaren kjem det ei skytebane på femten meter med ti blinkar.

– Veldig fornøgde

Skisserapporten vil bli lagt fram for formannskapet i morgon og det er første gong politikarane blir presentert for planane.

– Vi er veldig fornøgde. Så blir det opp til politikarane å bestemme kva som skal skje vidare, seier prosjektleiar Yngve Hallén, dagleg leiar i Sognahallen, eigedomsselskapet der Sogndal kommune og Sogndal Fotball er dei to største aksjonærane.

Han gir ros til referansegruppa, beståande av representantar frå idretten, skulane, Sogndal Fotball og skyttarlaget, som har kartlagt kva behovet er i bygda:

TO HALLAR I EITT: Hallanlegget vil kome i tilknyting til Storhallen, der det i dag er parkeringsplass.
TO HALLAR I EITT: Hallanlegget vil kome i tilknyting til Storhallen, der det i dag er parkeringsplass. Foto: Stiv Kuling

Ambisiøst prosjekt

– Dei har gjort eit veldig godt arbeid, både for å sjå kva bruk vi kan få i ein slik hall og for plasseringa. For styringsgruppa sin del er det viktig at prosjektet no går inn i ein fase med forplikliktande avtalar, seier Hallèn.

Prosjektet er ambisiøst, ikkje minst fordi det legg opp til parkering under jorda og bygging av to hallar, ikkje berre èin. Signala frå idretten er tydeleg: dei treng meir plass å boltre seg på.

– Dette anlegget vil vera ein viktig tilvekst, ikkje minst basishallen, som er eit tilbod vi ikkje har i dag, seier Hallèn.

FLEIRBRUK: Fleirbrukshallen vil gje gode kår for typiske innadørs hallaktivitetar, medan basishallen blir ny tumleplass for dei som driv med turn og trampoline.
FLEIRBRUK: Fleirbrukshallen vil gje gode kår for typiske innadørs hallaktivitetar, medan basishallen blir ny tumleplass for dei som driv med turn og trampoline.
Til toppen