Årdalstangen: Det gjer at idrettslaget no har bestemt seg for å ta eit år i tenkeboksen for å vurdere framtida til Fjord til fjell-festivalen. Det som er heilt sikkert, er at det ikkje blir festival i 2018.
– Årsaka er at me ikkje kan rettferdiggjera det mot medlemmane som driv dugnad når me går i null på økonomien. Då brukar me for mange dugnadstimar med for lite forteneste, seier Roy André Bergerud.
Allereie etter årets festival varsla leiaren at dette var noko styret i idrettslaget måtte vurdera. For ei drøy veka sidan konkluderte dei med å ta pause neste år.
– Det er ikkje endeleg avlyst, men utsett eitt år for å evaluera, så får me sjå litt korleis bygda reagerer, legg han til.
Festivalen har pågått i over 20 år og har vore ei viktig inntektskjelde for idrettslaget, men når det knapt er forteneste, såg dei ingen grunn til å halde fram neste år.
– Det er sjølvsagt trist for lokalsamfunnet. Me slutta med boder for nokre år tilbake og har prøvd å byggja det tilbodet opp att utan å lykkast. Me har ikkje eit attraktivt nok mangfald. Me må ha noko å tilby dersom me skal ha eit slikt arrangement, seier Bergerud.
Han peikar også på kva konsekvensar dette har for lag og organisasjonar som mistar ein arena å syne fram aktivitetane sine på.
– Det er synd, men me kan ikkje ta omsyn til alle akkurat no. Me klarar ikkje å forsvara det å halde fram.