VIL HA SVAR: Bjarte Ramstad, leiar i Kaupanger idrettslag, her saman med Heidi Kathrin Osland, hovudstyremedlem og leiar i fotballgruppa, er glad for at Fylkesmannen inviterer til folkemøte om naturreservata. – Me sit med mange spørsmål som me ønskjer å få svar på, seier han. Foto: arkiv.
VIL HA SVAR: Bjarte Ramstad, leiar i Kaupanger idrettslag, her saman med Heidi Kathrin Osland, hovudstyremedlem og leiar i fotballgruppa, er glad for at Fylkesmannen inviterer til folkemøte om naturreservata. – Me sit med mange spørsmål som me ønskjer å få svar på, seier han. Foto: arkiv.

Idrettslaget skeptiske til naturreservat: – Uroa for konsekvensane

Terrengsyklistane er ikkje dei einaste som er uroa for å få aktiviteten avgrensa.

Kaupanger: Den føreslåtte opprettinga av to naturreservat på Kaupanger vekkjer reaksjonar i lokalsamfunnet.

– For begge områda medfører naturreservata store avgrensingar og idrettslaget er bekymra for konsekvensane for allmenta sin bruk av områda til rekreasjon og trim, skriv Kaupanger idrettslag i ein høyringsuttale underskriven av alle medlemmane i hovudstyret.

Les også: Naturreservat kan stikke kjeppar i hjula for stisyklistane

Fryktar avgrensingar i friluftslivet

Idrettslaget representerer rundt sekshundre medlemmar, eller kvar tredje innbyggjar i bygda. Som dei påpeiker omfattar naturreservata store deler av dei mest brukte nærområda på Kaupanger, ikkje minst for turgåarar, både lokale og langvegsfarande.

– Forslaget som ligg føre kan, dersom det vert vedteke, få så store konsekvensar for aktiviteten i bygda at vi er redd det kan stagnere den positive utviklinga Kaupanger er inne i, står det i uttalen.

Les også: Politikar om mogleg sykkelforbod: – Eg sette kaffien i halsen

I verneforskriftene til naturreservata har Fylkesmannen føreslått å forby sykling og ridning utanfor regulerte vegar, tekniske inngrep, hogst og motorferdsel i dei to områda.

Idrettslaget blir ikkje direkte råka av dette, men er likevel uroa:

SYNFARING: Onsdag var Fylkesmannen på synfaring med mellom anna representantar frå terrengsykkelmiljøet. Frå venstre: Lars Kvisgaard Melbye frå Sogn terrengsykkel, Vidar Gundersen frå Norsk organisasjon for terrengsykling og Tom Dybwad frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
SYNFARING: Onsdag var Fylkesmannen på synfaring med mellom anna representantar frå terrengsykkelmiljøet. Frå venstre: Lars Kvisgaard Melbye frå Sogn terrengsykkel, Vidar Gundersen frå Norsk organisasjon for terrengsykling og Tom Dybwad frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Takkar for invitasjonen til folkemøte

– Det står presisert i forskriftene at opplistinga av kva som er forbode ikkje er uttømmande og idrettslaget meiner det difor er svært vanskeleg å setje seg inn i kva konsekvensar vernet får for lag og organisasjonar. 

Generelt reagerer idrettslaget på ein stram tidsplan og manglande informasjon. Difor er Bjarte Ramstad, leiar i idrettslaget, glad for at Fylkesmannen neste tysdag har invitert til ope møte i klubbhuset deira.

– Det set me pris på. Der kan folk komma og få svar. Det trur vi er veldig lurt, seier han.

Les også: Ueinige om stisykling er ein fare for skogen

Han stadfestar at dei er uroa for at aktiviteten deira skal bli innskrenka av naturreservata, men har samstundes tru på at forvaltinga skal kome dei i møte.

– Fredinga må sjølvsagt vera gjort på grunnlag av faglege vurderingar, men eg har tru på tysdagsmøtet og eg har tru på at Fylkesmannen justerer planen, dersom han ser at innspela som kjem kan gjerast noko med, seier Ramstad.

Ønskjer å tone ned konflikten

I høyringsuttalen meiner dei òg det burde ha blitt lagt til rette for at kommunestyret fekk uttale seg i saka. Først og fremst fordi saka er viktig, men òg fordi lokalsamfunnet er lite og at det av ulike årsaker kan vere mange som «vegrar seg mot å uttale seg».

Når han blir spurt om konfliktnivået i bygda ønskjer Ramstad å tone det ned. Han vil heller fokusere på prosessen, som han altså meiner har vore for hastig.

– Me sit med mange spørsmål som me ønskjer å få svar på, difor er me òg veldig glade for at Fylkesmannen tok initiativ til å kalle inn til folkemøte. Det vil gjere at folk forstår kva som skjer og kvifor det skjer, noko som er veldig viktig i ein slik prosess, seier han.

Til toppen