SAME BRANSJE, NY LEIGETAKAR: Idrettssenteret overtek lokala i kjellaren på kulturhuset etter Sogn fitness, som stengde dørene i november.
SAME BRANSJE, NY LEIGETAKAR: Idrettssenteret overtek lokala i kjellaren på kulturhuset etter Sogn fitness, som stengde dørene i november.

Idrettssenteret utvidar med treningsstudio i sentrum

Flyttar inn i Sogndal kulturhus etter Sogn Fitness som stengde dørene i november.

Sogndal: Treningsivrige sogndøler kan sjå fram til å få 900 kvadratmeter i sentrum å boltre seg på. Idrettssenteret har nemleg underteikna ein husleigeavtale med kommunen som gjer at dei overtek kjellarlokala i kulturhuset.

UTVIDAR: Dagleg leiar Kolbjørn Rydvang i Idrettsenteret seier dei treng å auke kapasiteten og ønskjer òg meir tomleplass til nye aktivitetar.
UTVIDAR: Dagleg leiar Kolbjørn Rydvang i Idrettsenteret seier dei treng å auke kapasiteten og ønskjer òg meir tomleplass til nye aktivitetar.

– Hovudsetet vil framleis vere på Fosshaugane Campus. Men vi ser at vi tidvis har behov for meir kapasitet og vi treng meir plass til ein del aktivitetar som vi ikkje er gode nok på i dag. Vi ser på dette som eit høve til å bli komplette innanfor treningsbransjen, seier dagleg leiar Kolbjørn Rydvang.

Det var Sogn Avis som først omtalte saka (bak betalingsmur).

Rydvang seier det framleis er såpass tidleg at dei enno ikkje har fått spikra alle detaljane enno. 

– Eg vil tru at i løpet av januar eller i byrjinga av februar, så har vi ei formeining om nøyaktig kva konsept vi vil ha og kva som er mogleg å gjennomføre. Ikkje minst ein oversikt over kva vi må gjere med lokala for å få dei på det nivået me ønskjer å ha det.

Til toppen