Sogndal: Måndag vart den nasjonale undersøkinga Studiebarometeret offentleggjort. Der kjem det fram at idrettsstudentane i Sogndal er blant dei mest nøgde i landet.
Sogndal er ifølgje den same undersøkinga òg ein betre studiestad for dei som tek master i organisasjon og leiing enn andre stadar med samme tilbod.
Alt i alt ligg høgskulen på landsgjennomsnittet på Studiebarometeret, ifølgje ei pressemelding frå Høgskulen på Vestlandet.
– Det mest gledelege er nok å sjå framgang på enkelte fag. Mellom anna ser me at bachelorstudentane ved ved eigedomsmeklingsstudiet i Sogndal er merkbart meir fornøgde med studietilbodet i år enn i fjor. Det viser at høgskulen tek undersøkinga på alvor og er i stand til å gjere tiltak som betrar studietilbodet, seier prorektor for utdanning ved HVL, Bjørg Kristin Selvik i pressemeldinga.
Studiebarometeret er det første etter at Høgskulen i Sogn og Fjordane slo seg saman med høgskulane i Bergen, Stord og Haugesund. Selvik trur det er for tidleg å snakka om ein «fusjonseffekt» enno.
– Men me har tru på at når me får utnytta den kunnskapen og kompetansen som finst i heile høgskulen, på tvers av dei gamle høgskuleregionane, så vil studentar ved alle fag merka ein positiv effekt, seier ho.