Sogndal: Dei førebelse tala viser at mellom 160 og 165 studentar startar på førsteåret på idrett i Sogndal. Det er ikkje langt bak Norges idrettshøgskule, som har i overkant av 170 nye studentar på sine bachelorutdanningar.
– Det er vel det høgste talet vi har hatt. Vi hadde liknande tal i fjor, men dei siste to åra er fleire enn vi har hatt nokosinne, seier opptaksleiar Arnstein Menes.
Idrettsutdanninga i Sogndal spenner om dei tre retningane fysisk aktivitet og helse, idrett og kroppsøving og friluftsliv, i tillegg til den personlege trenarutdanninga, som har same opplegg som dei tre andre førsteåret.
– Viss vi no skal ta imot fleire studentar, så må ha fleire studieplassar, konstanterer Menes.
Instituttleiaren er naturlegvis òg nøgd med dei høge tala.
– Det betyr at vi har god kvalitet på studiane, at studentane trivst og at dei ønskjer å komme hit. Så vi er godt nøgde, seier Frode Fretland.
At dei pustar NIH i nakke vil han derimot ikkje gjere noko stort poeng ut av.
– Det er ikkje noko mål for oss, men det viser at vi er blant dei store i landet på idrettsutdanning, seier han.