BYGGJER NYTT: Forventa auke i talet tilsette, er ei av forklaringane bak utvidinga HMR Hydeq no går i gang med.
BYGGJER NYTT: Forventa auke i talet tilsette, er ei av forklaringane bak utvidinga HMR Hydeq no går i gang med. (Foto: Arkitektkontoret 4B)

Industriverksemda i Årdal startar utviding om få veker – slik ser planane ut

Gode utsikter i aluminiumsbransjen, gjer at HMR Hydeq i Årdal utvider for å få plass til den forventa auken i talet tilsette. Årdalsbedrifta leverer spesialkøyretøy og maskiner til aluminiumsindustrien.

Årdal: HMR Hydeq i Årdal går snart i gang med å byggja ut med 16 nye kontor, garderobe- og kantinefasilitetar. Utvidinga er forventa å kosta rundt 8 millionar kroner.

– Me ser for oss vekst, så dette gjer me for at me skal få betre kontor og meir garderobekapasitet, slik at det blir betre tilhøve for dei tilsette, seier dagleg leiar Tor Arne Litlere.

GODE UTSIKTER: Det er gode utsikter i aluminiumsbransjen, noko som gjer at Tor Arne Litlere i HMR Hydeq i Årdal trur på vekst òg for dei sjølve.  Foto: Privat/LinkedIn

Oppsving i aluminiumsbransjen

Han forventar at dei vil bli mellom fem og ti fleire tilsette den næraste tida. Utsiktene i marknaden er gode. 

– Det er mykje som skjer og mange verksemder i aluminiumssektoren investerer. Det er ein positiv trend. Me har bra med oppdrag og trur på bra med oppdrag òg i åra framover. Difor satsar me på rekruttering og utvikling, slik at me får tak i nye og gode folk, seier den daglege leiaren.

No ventar dei berre på dei siste godkjenningane før dei får byggjeløyve.

– I løpet av ei veke eller to, så reknar eg med me er i gang, seier Litlere.

Skal stå ferdig i 2018

I førsteetasje på tilbygget vil det koma ei utviding av matsalen, to nye inngangsparti, sju nye kontor, nye toalett og dusjar, og utvida garderobekapasitet. I andreetasje vil det koma ny tilkomst frå etasjen under, ni nye kontor, nytt møterom, allrom, kjøkken og kaffebar, og terrasse.

Planlagt utbyggingsperiode er våren og sommaren 2018. Det er Kleiven Sogn som har fått oppdraget.

– Det er absolutt viktig å nytta seg av lokale krefter. Me har fått eit godt forhold til Kleiven gjennom tidlegare utbyggingar og det er viktig å føra vidare, seier Litlere.

Til toppen