NY DRAKT: Dette området langs fylkesveg 55 mot Luster, like utanfor Sogndal sentrum, skal få ei kraftig oppgradering. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Idyllisk naustområde kan bli den nye inngangsporten til Sogndal

Dei færraste som køyrer forbi legg merke til plassen i dag, men allereie til sommaren kan fjordtomta ved Barsnesfjorden stå fram i ny drakt.

Sogndal: Terje Geir Aaberge, pensjonert fysiker frå Sogndal, ønskjer å byggje åtte naust  med flytebrygger ved Barsnesfjorden, nokre hundre meter innover frå bensinstasjonen på sogndalsida.

NY FUNKSJON: Her kan det kome naust til songdøler som gjerne vil ha ein plass å ha båten inne om vinteren og ute om sommaren.
NY FUNKSJON: Her kan det kome naust til songdøler som gjerne vil ha ein plass å ha båten inne om vinteren og ute om sommaren. Illustrasjon: Stiv kuling

Han seier at målet er å selje nausta, slik at han kan bruke pengane til å få området på stell.

– Eg trur at det blir ei stor oppgradering, no er det berre masse materiale som ligg strødd der. Det ser ikkje noko særleg pent ut, no blir det ein finare inngang til Sogndal frå den sida, seier Aaberge.

Før bygginga av nausta i det heile kan starte reknar Aaberge med 700.000 kroner i utgifter til nye murar og reguleringsarbeid. Kor mykje bygginga av nausta vil koste har han enno ikkje klarlagt, utan at det er avgjerande for realiseringa.

–  Eg reknar med at nausta skal stå ferdige i løpet av juni neste år, viss det ikkje dukkar opp noko uventa. Eg har allereie fleire interessentar, seier Aaberge.

Til toppen