Sogndal: Sviggum er blant dei som har tapt mykje på det nye skjønet til lagmannsretten. I tingretten fekk han og kona 850.000 kroner i erstatning for at Fjordstien vart bygd inne på eigedomen. Lagmannsretten reduserte summen til 250.000 kroner.

No lurer Sviggum på om det heile kan vere basert på ein feil: i dommen står det nemleg at bustaden ligg på oppsida av riksvegen, noko som beviseleg ikkje er tilfelle.
Han veit ikkje kor stort utslag feilen har gitt eller om det er utgangspunkt nok for ein klage, men han tykkjer uansett det er skremmande.
– Så dette må eg snakke med advokaten om når han kjem heim frå ferie, seier Sviggum.
Uansett kan han ikkje forstå korleis det er mogleg å bomme så grovt. Alle dei fire meddomarane var nemleg på synfaring og fekk sjå korleis eigedomen låg til.
– Bustaden vår ligg 15 meter frå sjøen. Så viss dei har funne ut av den ligg på andre sidan av riksvegen, så er det fælt, seier han.
Det er ikkje berre på eigne vegner han reagerer. At grunneigarane samla har fått fleire millionar mindre i kompensasjon tykkjer han er urimeleg.
– At det skal vere så store forskjellar frå tingretten til lagmannsretten, det synst eg er bemerkelsesverdig, seier Sviggum.
