LEVER OPP TIL NAMNET: Dette punktet på E16, Grøna, er ein stad du kjem til like etter at du har kome inn i Vang kommune når du kjem frå Lærdal.  Dette vegstykket er ein del av ein 19 kilometer lang ny vegtrasé som har vunne pris.
LEVER OPP TIL NAMNET: Dette punktet på E16, Grøna, er ein stad du kjem til like etter at du har kome inn i Vang kommune når du kjem frå Lærdal. Dette vegstykket er ein del av ein 19 kilometer lang ny vegtrasé som har vunne pris. (Foto: Byggeindustrien/Bygg.no)

Ikkje berre kongevegen som glimar over fjellet: Den nye bilvegbana mellom Lærdal og Vang «årets anlegg»

Drygt 19 kilometer av vegen som knyter Vang og Lærdal saman har vunne pris etter at han vart rusta opp. 

Lærdal: Onsdag fekk vegstrekket Smedalsosen-Varpe Bru på E16 Filefjell «Byggeindustriens pris» innan kategorien «Årets anlegg».

Smedalsosen er i Lærdal, og Varpe Bru er i Vang, eit stykke etter Tyin når du kjem frå Lærdal. 

Strekninga er er 19,4 kilometer lang, inkludert Filefjelltunnelen. Den austlege delen av strekninga, frå Kyrkjestølane gjennom Filefjelltunnelen og til Tyinkrysset, vart opna for trafikk 29. september 2017. 

Prisen vart kunngjort under «byggedagene» i Oslo onsdag, ei årleg samling for bygg- og entreprenørbransjen. 

Prisen vert delt ut av ein jury som har vurdert dei beste bygg- og anleggsprosjekta i 2017.  

KYRKJESTØLEN: Litt vidare forbi Grøna, litt før du kjem til Tyin, ligg Kyrkjestølen. Dette punktet er også på det nye vegstykket som er kåra til «årets anlegg». Foto: Falkeblikk AS

Vegprosjektet som vann prisen

Filefjelltunnelen, den mest omfattande delen av det nyopprusta vegstrekket:

  • Er 5780 meter lang, og utgjer soleis meir enn ein fjerdedel av det nye vegstykket som har vunne pris for årets anlegg
  • Vart opna for trafikk saman med den nye vegen frå Kyrkjestølane til Tyinkrysset den 29. september 2017. 
  • Tunnelmunninga som peikar mot Lærdal ligg nært det høgaste punktet på E16. Delar av det nye vegstrekket er på omlag 1000 meter over havet.
  • Totalt vart det montert omkring 100 000 m2 skumplater i to lag i tak og vegger av tunnelen. Platene vart monterte for å leia vekk vatn frå fjellet og hindre at det danar seg eit islag i vegbana.
  • Skumplatene har vortne dekte med armering og sprøytte med betong.
  • Tunnelen har naudtelefonar og kommunikasjon oppimot Vegtrafikksentralen.
  • Tunnelen vert lyst opp av ledpærer som vert dempa når det ikkje er trafikk i tunnelen.
  • Utanfor tunnelopningane er vegen heva med ny masse.
  • Det kosta 857 millionar kroner å byggja tunnelen. Kjelde: Wikipedia

Det 19,4 kilometer lange strekket køyrer forbi høgste punktet på Filefjell-overgangen, og delar av strekket ligg rundt 1000 meter over havet.  

Hovudføremålet med opprustinga har vore at ein skal unngå vinterstengingar på fjellovergangen. 

Vegen har vorte forhøga med mellom to og fire meter i terrenget. Det går no breie, slakke skråningar frå begge sider av vegbana og ned til grøftene. Soleis kan snøen lettare blåsa av vegen. 

Vegen har også vorte utstyrt med uvêrslamper på dei mest utsette områda. 

Grunngjeving for prisen

Fleire aktørar har bidrege og Statens vegvesen har vore byggherre. Prisutdelaren skriv i grunngjevinga si at prosjektet har vore prega av godt samarbeid mellom alle aktørane. 

Vidare skriv juryen at utbyggaren har lukkast med å ta omsyn til nærmiljø, naturmiljø, kulturminne og landskapsbilete.  

Tryggleiksfaktor for rasutsette årdøler

Etter at dette vegprosjektet kom i hamn, har fjellovergangen over Filefjell auka i popularitet blant bilistar. Vegen har ein større prosentdel av den samla trafikken over fjella mellom Sogn og austlandet enn før. 

Utbetringa av vegstrekket har også hatt mykje å seia for Årdal. Berre tre månader etter at den nye vegen opna, skulle han syna seg å koma årdølene til stor hjelp.  

Ettersom det nyopprusta vegstykket har letta transporten mellom Tyin og Lærdal, gjorde dette det lettare for årdøler å halda kontakten med Lærdal og resten av heimfylket i vinter.

Då vegen mellom Årdalstangen og Fodnes var stengt gjennom heile ti dagar på rad i januar i år grunna ras, var årdølene prisgjevne denne vegen om dei skulle køyra i bil til andre kommunar i Sogn. 

Til toppen