PRIS: For første halvår i år er det varsla kutt i engrosprisen. Fleire matvarekjeder tvilar likevel på at det betyr lågare prisar på lammekjøt i butikkane. Illustrasjonsfoto

Ikkje billegare lammekjøt trass priskutt

Trass i at sauebøndene får betalt mindre for lammekjøtet sitt, viser ikkje dette att i butikkhyllene, går det fram av ei undersøking.

– På lam ser vi ingen samanheng mellom engros- og forbrukarprisane, same korleis vi snur på det. I den grad det er ein samanheng, går han motsett veg. Prisane i butikkhyllene ser ut til å leva sitt eige liv, seier Mads Svennerud, som har ansvaret for ei prisundersøking Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) har gjort. Det fortel Nationen.

Etter det avisa skriv, har snittprisen på lam og sau det siste halvanna året gått ned med nesten 6 kroner per kilo. Det er over 8 prosent. Sidan sommaren 2015 er nedgangen på over 15 prosent. Grunnen er overproduksjon av lammekjøt og veksande lager. 

Likevel måtte forbrukarane jamt over betala meir for lammekjøtet i fjor enn året før, skriv avisa. 

Svennerud forstår at det kan verka sjølvmotseiande. 

– Når det er for stor produksjon av lammekjøt, bør normalt prisane falla, seier han.

For første halvår i år er det varsla kutt i engrosprisen. Fleire matvarekjeder tvilar likevel på at det betyr lågare prisar på lammekjøt i butikkane.

– Det er alt så låge prisar på lam at kundane mest sannsynleg ikkje vil merka prisnedgang i butikk. Lam er ei sesongvare, det er beinhard konkurranse og vi tapar alt pengar på mange av produkta, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop.  

Signala er dei same frå Norgesgruppen, medan Rema lovar lågare prisar på lammekjøt.

NVE: Meir regnflaum framover

Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil det bli mellom 20 og 40 prosent auke i flaumvassføringa i fleire vassdrag dei neste 100 åra.

Til toppen