SKUFFA: Etter at energi- og miljøkomiteen gav innstilling om selskapsmessig og funksjonelt skilje i kraftselskap, er everksjef i Årdal Energi Jørgen Luggenes skuffa. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SKUFFA: Etter at energi- og miljøkomiteen gav innstilling om selskapsmessig og funksjonelt skilje i kraftselskap, er everksjef i Årdal Energi Jørgen Luggenes skuffa. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes.)

– Ikkje det me hadde håpa på

Everksjef Jørgen Luggenes i Årdal Energi er skuffa over innstillinga frå energi- og miljøkomiteen. 

Årdal/Lærdal: Fredag bestemte fleirtalet i energi- og miljøkomiteen på Stortinget at kraftdelen og nettdelen i energiselskap skal skiljast. I tillegg ønskjer komiteen eit funksjonelt skilje, noko som gjer at same person ikkje kan jobba i begge selskapa.

Ifølgje ein rapport som er utarbeidd av Varde Hartmark for Distriktenes Energiforening (Defo) og KS Bedrift Energi, vil meirkostnaden for dei minste kraftselskapa kome opp i 20 000 kroner per kunde. Blant desse er Årdal Energi og Lærdal Energi.

– Det var ikkje dette me håpa på. Me håpa det ikkje skulle gå så langt, men det var vel kanskje utopi, seier Jørgen Luggenes i Årdal Energi.

Råkar distrikta

Endringane vil føre til kraftige økonomiske konsekvensar for spesielt dei små kraftselskapa. KS Bedrift seier i ei pressemelding at dei er svært skuffa over utfallet.

– Dette går inn i rekka av regjeringas beslutningar som gir auka byråkrati og ineffektiv produksjon ute i selskapa, seier Kristin H. Lind, direktør i KS Bedrift Energi.

– Forslaget vil råka distrikta hardt i form av dyrare straum og dårlegare beredskap.

Dårlegare beredskap

Bakgrunnen for forslaget frå olje- og energiminister Tord Lien (Frp) er at dette skal gi billigare nettleige. Jan Olav Andersen, leiar i El- og IT-Forbundet, som er ein del av LO, er også sterkt kritisk til forslaget og trur det vil gi dyrare straum og dårlegare beredskap.

Han fryktar forslaget vil gå utover forsyningstryggleiken. Andersen peikar på at eit typisk kraftselskap har 10-20 tilsette og driv med kraftproduksjon, distribusjon og tilleggstenester som veglys eller breiband i eige distrikt. 

– Den kombinasjonen gir god tryggleik og rask responstid fordi selskapa har montørar som er busett i området, og som kjenner straumnettet og terrenget like godt som si eiga bukselomme, seier han til NTB.

Frist til 2021

Forslaget skal stemmast over i Stortinget komande torsdag 17. mars. Luggenes i Årdal Energi trur ikkje det blir nedstemt og vil ikkje uttala seg om framtida for kraftselskapet førebels. 

Fristen for å innretta seg etter den nye lova dersom dette går gjennom, er 1. januar 2021. 

Til toppen