SOMMAR OG SOL: Det er ikkje ei regndråpe å sjå for store delar av Indre Sogn neste veke. Brannsjef Gaute Johnsgaard varslar at folk må vera på vakt.
SOMMAR OG SOL: Det er ikkje ei regndråpe å sjå for store delar av Indre Sogn neste veke. Brannsjef Gaute Johnsgaard varslar at folk må vera på vakt. (Foto: Arkiv)

Ikkje éi regndråpe å sjå neste veke, brannsjef: – Folk må ta seg i nakken

Medan skogbrannar rammar store delar av Noreg og Sverige, held sommarvarmen fram, og det vil halde seg tort framover.

Indre Sogn: Det varme vêret som har sveipa over sogningane og store delar av landet held fram, og det er tort i terrenget. Brannsjefen i Årdal og Lærdal varslar at folk må vera på vakt. 

Då vêret brått snudde førre veke, og sol vart om til torevêr og lyn, braut det laust ein skogbrann i det tørre terrenget i Luster. Og trass regndusjane som følgde med uvêret, er det framleis tort. 

– Det er totalforbod mot bruk av open eld, det gjeld framleis. Det er stor fare for skogbrann. Aktsamheitsplikta er gjeldande og folk må ta seg i nakken. Det skal så veldig lite til, seier Gaute Johnsgaard, brannsjef for Årdal og Lærdal.

Stor skogbrannfare

Det er særs stor fare for skogbrann sidan terrenget er så tort. Det er framleis bålforbod i samtlege kommunar. 

Sålangt augo kan sjå, er det er ikkje meldt ein einaste millimeter regn. Heile Indre Sogn, forutan Leikanger som ifølgje Yr .no skal få nokre dråpar tysdag, vil halde seg tort. 

Brannsjefen fortel at brannvesenet reiser rundt i bygdene og gjer seg synlege, og informerar både lokale og turistar om brannfaren.

– Me har hengt opp mange plakatar på forskjellige språk for å informere. Det verkar som at det har gått inn for dei fleste at det er tort i Noreg. 

– Det hadde vore flott med litt regn. Det er klart eg likar sol eg og, men det er så tort no at det godt kunne ha kome nokre byger, seier han. 

Til toppen