Årdal/Lærdal: – Dette er ikkje eit bestillingsverk, avkreftar statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Grete Ellingsen i ein kommentar til Nynorsk pressekontor. Ellingsen argumenterer med at ekspertutvalet var sett saman av fleire ulike forskarar og praktikarar for å greie ut arbeidet med kommunereforma. Saman representerer dei allsidig og god kompetanse for heile kommunesektoren.
– I rapportane er det vist til fleire rapportar som peiker på både på fordelar og ulemper ved kommunesamanslåing. Ein såg også på faktiske konsekvensar av gjennomførte samanslåingar, seier Ellingsen.
Sterkare kommunar
Departementet vil ha sterkare kommunar som på sikt kan ta fleire oppgåver i dag, og at meiner det gir meir makt til lokalpolitikarane.
– Ekspertutvalet er tydelege på at kommunesamanslåingar vil ha konsekvensar for lokaldemokratiet, og viser at ulike indikatorar peiker i litt ulik retning når det gjeld storleiken på kommunar og demokratiske verdiar. Små kommunar har jamt over fleire folkevalde, høgare valdeltaking og meir retting på vallister ved lokalval, mens større kommunar er flinkare å legge til rette for deltaking mellom vala, seier ho.
– Valdeltaking er eit viktig mål, men ikkje det einaste målet for kva som utgjer eit godt demokrati, fortel ho vidare. Høg grad av interkommunalt samarbeid, som dei fleste små kommunar i dag er avhengig av, gir også mindre direkte kontroll til lokale folkevalde. Dette er også viktige element i eit godt og sterkt lokaldemokrati, svarer Grete Ellingsen på vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. (©NPK)