IKKJE FLEIRTAL: Arbeidarpartiet seier nei til forslaget frå regjeringa om ei fråværsgrense på 10 prosent i vidaregåande skule. Dermed er det ikkje fleirtal for forslaget på Stortinget.​ Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik.
IKKJE FLEIRTAL: Arbeidarpartiet seier nei til forslaget frå regjeringa om ei fråværsgrense på 10 prosent i vidaregåande skule. Dermed er det ikkje fleirtal for forslaget på Stortinget.​ Arkivfoto: Halvor Farsund Storvik. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Ikkje fleirtal for omstridd fråværsgrense

Arbeidarpartiet seier nei til forslaget frå regjeringa om ei fråværsgrense på 10 prosent i vidaregåande skule. Dermed er det ikkje fleirtal for forslaget på Stortinget.

  • Endret

Sogndal: – Arbeidarpartiet vil ha klare reglar mot ugyldig fråver i skulen og at skulane skal ha effektive og gode reaksjonar når reglane blir brotne. Forslaget frå regjeringa om nye fråværsreglar bidrar ikkje til det, skriv Ap-nestleiar Trond Giske på si Facebook-side.

– Regjeringa må lage ei ny forskrift i dialog med sektoren, konkluderer han.

Utdanningskomiteen på Stortinget skal gi si innstilling i saka neste tysdag. Ei kartlegging VG har gjort viser at verken dei to støttepartia, Venstre og KrF, eller Sp eller SV vil støtte den nye grensa på maks 10 prosent fråvær i kvart enkelt fag i vidaregåande skule. (©NPK)

Til toppen