ENDRINGAR: Eigar av Årdalstangen feriepark, Even Aarethun, har utarbeidd nye planar for tomta til Årdalstangen feriepark. Han fortel at dei vert offentleggjort om kort tid. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
ENDRINGAR: Eigar av Årdalstangen feriepark, Even Aarethun, har utarbeidd nye planar for tomta til Årdalstangen feriepark. Han fortel at dei vert offentleggjort om kort tid. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Ikkje forsvarleg med drift

Då Årdalstangen Feriepark vart stengt i 2008, skuldast det at drifta ikkje var økonomisk forsvarleg. Eigar Even Aarethun fortel no at det har vore arbeidd med nye planar for tomta i Hydrovegen nokre år.

Då Aarethun tok over campingplassen på Årdalstangen i 1998, låg forholda til rette for god drift med to campinghytter med innlagt bad/kjøken, samt dei eldre hyttene som er tilknytt sanitæranlegget på området.

Investeringar

Med ei investering på om lag tre millionar kroner, stod blant anna enda ei moderne hytte klar i 2000. Det var lagt ned mykje krefter i arbeidet med å oppgradere Årdalstangen Feriepark for å møte etterspurnaden i marknaden. – Det er marknaden som avgjer kva tilbod campingplassar har, seier Aarethun.

Underskot

Etter ti år med drift måtte Aarethun gjere nokre grep på grunn av underslag i verksemda. Årdalstangen Feriepark svarte heller ikkje til marknaden sine forventningar, og beslutninga om å stenge campingplassen for dagleg drift vart eit faktum. – Det er ingen som ynskjer hytter utan baderom i dag.

Campingturistar ynskjer god standard og høg kvalitet på hyttene, og det kan ikkje Årdalstangen Feriepark tilby slik det er i dag, fortel Aarethun. Han meiner at campingplassen er for spinkel, og at den ikkje er attraktiv i marknaden.

– Dei siste åra har hyttene vore leigd ut til arbeidsfolk på langtidsleige, det har vore einaste løysing, seier han.

Nye planar

Aarethun har utarbeidd ny reguleringsplan for tomta til Årdalstangen Feriepark. – Planane for utvikling av tomta er snart klare for framlegging for politisk vedtak om omregulering i haust seier han. Aarethun vonar at dette vert godt motteke.

 

Til toppen