Øvre Årdal: Det var onsdag førre veke at politiet fekk ei melding om guten som fortalte at han var blitt forfulgt og dytta inn i eit gjerde på veg heim frå Farnes skule.
11-åringen skildra personen som mørkhuda. Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, seier til Porten.no at dei ikkje har funne ein gjerningsperson.
– Trass grundig etterforsking har me ikkje funne nokon gjerningsperson. Det har heller ikkje kome fram opplysningar som peikar mot asylsøkjarmiljøet, seier han og kjem med ei melding til foreldre om at det trygt å sende born til og frå skulen åleine.
- Les også: – Guten er sterkt prega
Ber folk tenkje seg om
Etter at saka vart kjent, har det ført til reaksjonar i sosiale medium som Facebook. Det har Knudsen fått med seg og kjem med ei klar oppmoding.
– Me vil be folk om å tenkja seg godt om før dei seier slikt, seier lensmannen, som fryktar stigmatisering av asylsøkjarane.
Han legg til at dersom det dukkar opp nye opplysningar i saka, så vil politiet sjå på desse.