HEKTISKE TIMAR: Det var hektisk, men kontrollert stemning i Målrock-leiren berre timar før festivalen brakar laus med Marcus og Martinus. Det fortel festivalsjef Katrine Clausen Fredheim. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HEKTISKE TIMAR: Det var hektisk, men kontrollert stemning i Målrock-leiren berre timar før festivalen brakar laus med Marcus og Martinus. Det fortel festivalsjef Katrine Clausen Fredheim. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Ikkje gjort noko så stort før

Det ligg ein historisk sus over Meiriparken når årets Målrock vert sparka i gong onsdag. 

Årdalstangen: Det er venta at over 3500 menneske vil ta turen til Årdal og Årdalstangen berre i dag. Det er kanskje ikkje så rart når superpopulære Marcus og Martinus står på scena.

– Eg trur det blir hektisk, men forhåpentlegvis moro. Viss det går greitt, blir det gøy. Me er spente sidan me ikkje har gjort noko så stort før, seier festivalsjef Katrine Clausen Fredheim. 

Kveldens konsert er heilt utseld, og ein kan nesten rekne med «Beatles-tilstandar» på Årdalstangen. Det unge tvillingparet har såleis bidrege til at det går mot rekord i sal av billettar. 

– Det ligg iallfall bra an. Det kjem an på kva som skjer. Onsdag tek mykje fokus, der blir det fullt, men det er ledige billettar dei andre dagane.

Stengjer sentrum

Det vert gjort ekstraordinære tiltak akkurat i dag på grunn av den enorme trafikken som er venta. Folk vert oppmoda om å ta kollektivt til festivalområdet. Om ikkje, ber festivalleiinga om at alle besøkande vise tolmod. 

Breitt program

Då Porten.no møtte festivalsjef Fredheim tysdag, var rigginga allereie godt i gong. Telta var på veg opp, og det same var scena. For kvart år som går vert stiftinga ei erfaring rikare og gjer små endringar, men generelt vert opplegget det same som i fjor. 

Dermed er alt klart for artistar som Dizzy Mizz Lizzy, Sondre Justad, Klovner i Kamp, Lars Vaular og Dumdum Boys. 

– Line-upen i år er frykteleg høgt oppe i rekka. Me har aldri hatt så breitt program som i år. Eg tykkjer me treff blink på målgruppa. Dette er første gongen me kan gjera noko for dei yngre, og det er på høg tid, seier Fredheim. 

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen