I OPPOSISJON: "Ambivalent" er ordet Aleksander Øren Heen tykkjer skildrar stemninga i Sp-leiren best etter stortingsvalet. (Foto: Arkiv)

Stortingvsalet 2017

- Ikkje hogd i stein at denne regjeringa består i fire år

Aleksander Øren Heen skildrar stemninga i Senterpartiet som ambivalent. Dei gjorde eit brakval både i Sogn og Fjordane og på landsbasis, men kjem i opposisjon att. - Ap har ikkje klart å vera eit tydeleg opposisjonsparti, og det har skapt eit rom for oss, seier Øren Heen.

- Me er godt nøgde fordi me går fram i alle kommunar i Sogn og Fjordane og aukar nesten fem prosent på landsbasis. Me har verkeleg gjort jobben vår. Så er det synd at me samla sett ikkje får til eit regjeringsskifte, seier Øren Heen til Porten.no

Medan Senterpartiet ser ut til å enda på 10,3 prosent oppslutnad på landsbasis og såleis nesten doblar seg, går Arbeidarpartiet tilbake 3,4 prosent frå eit val under pari også i 2013 - til 27,4 prosent denne gongen.

Det i kombinasjon med at både KrF og Venstre klarde å karra seg over sperregrensa, medan Miljøpartiet De Grønne kom godt under og enda på 3,2 prosent, gjer at den borgarlege regjeringa etter alt å døma vil halda fram.

- Blir forderdeleg spennande på Stortinget når sakene kjem

Men, Høgre ligg inne med 45 mandat på Tinget, Frp med 28 - 73 til saman. Venstre og KrF ligg an til åtte mandat kvar. Fleirtal i Stortinget får ein først når ein har minst 85 røyster/mandat. KrF vil ikkje vera støtteparti for regjeringa lenger, men dei vil ikkje velta regjeringa heller - i alle fall ikkje i denne omgang.

Summa summarum: Regjeringa må frå sak til sak få støtte både frå Venstre og KrF skal dei koma i fleirtal. Førre stortingsperiode heldt det med støtte frå eitt av partia, sjølv om dei to støttepartia i praksis stort sett stod rimeleg samla sidan dei var ei "støttepartiblokk".

- Eg trur det blir forferdeleg spennande på Stortinget når sakene kjem. No kan ikkje regjeringa få støtte åleine frå eitt av partia. Om KrF på eit tidspunkt kan koma til å velta ei regjering med Frp står att å sjå. Men det er ikkje hogd inn i stein at denne regjeringa held fram ut denne fireårsperioden, seier Øren Heen.

- Ei heilt anna kraft i Sp

- De har fronta motstanden mot sentraliserande reformer knallhardt, og truleg vunne ein god porsjon røyster med det. No kjem de i opposisjon att og klarar neppe stoppa reformene. Såleis blir det vanskeleg å få gjennomslag for sakene som gjorde at mange støtta dykk. Korleis skal de klara å halda på dei gode tala fram mot stortingsvalet 2021 då?

- Me kjem til å driva knallhard opposisjonspolitikk. Ein veit aldri kva saker som vil koma opp. Me skal vera tydelege på kva me har gått til val på og får ei ny, sterk stortingsgruppe på 18-19 representantar, det gir ei heilt anna kraft i Senterpartiet.

Planen til Sp var å danna regjering med Ap. Men eit nærast katastrofeval for landets største parti gjorde at det ikkje gjekk i boks. Øren Heen trur noko av forklaringa til det kan vera som følgjer:

- Nasjonalt på Stortinget har Ap lagt seg veldig tett opptil regjeringa i mange saker. Dei har ikkje vore eit klart opposisjonsparti; dei har vore med på langtidsplanen for Forsvaret, politireformen og delvis kommunereformen. Det har skapt eit rom for oss.

Har ingen klar plan for sitt eige politiske liv

I Sogn og Fjordane hamna Senterpartiet på 29,8 prosent; den høgaste fylkesoppslutninga i landet og ein framgang på 9,2 prosentpoeng frå stortingsvalet 2013. Ap gjekk tilbake her i fylket om lag på nivå med elles i landet; ned med 3,5 prosentpoeng frå 2013, noko som gav 24,5 prosent i 2017. 

Slik det ser ut kjem Liv Signe Navarsete (Sp), Ingrid Heggø (Ap), Frida Melvær (H) og Tore Storehaug (KrF) inn på Stortinget frå Sogn og Fjordane. Dei to sistnemnde er ikkje veldig kjende blad i norsk politikk.

Les også: Skuffa og spent: - Me kollapsa meir eller mindre på grunn av todelinga

- Å ha sterke politikarar på Stortinget som kan snakka Sogn og Fjordane si sak blir gjerne sett på som viktig for fylket. Kva tenkjer du rundt det med desse fire som no ser ut til å koma inn?

- Me kjenner Ingrid og Liv Signe og veit kva dei står for. Kvar Frida posisjonerer seg i høve å bli først og fremst ein representant frå Høgre eller ein representant frå fylket, står att å sjå. Det same gjeld for så vidt Tore Storehaug. Kva rolle dei vil innta er for tidleg å fella nokon dom over no

Sjølv var Øren Heen 4. kandidat frå Sogn og Fjordane Sp, og han la ikkje skjul på at stortingsplass var eit sterkt ønskje.

Les også: Har ikkje gitt opp kampen om stortingsplass

- Når no fire nye år i opposisjon ventar og det ikkje vart stortingsplass denne gongen - kva er dine eigne planar innan politikken?

- Eg har ingen klar plan per no, det er for tidleg å seia noko om.

Til toppen