BERRE LURERI: Epostsvindlarane finn stadig nye metodar for å forsøka å lura oss. Vær obs. FOTO: Vidar Ruud / NTB scanpix
BERRE LURERI: Epostsvindlarane finn stadig nye metodar for å forsøka å lura oss. Vær obs. FOTO: Vidar Ruud / NTB scanpix

Ikkje la deg lure av falske e-postar

Har du fått e-post om at du har vunne ein telefon og berre må betale skarve fem kroner for å få han tilsendt? Da skal du tru at nokon prøver å lure deg.

Det aller nyaste stuntet er det svindlarane kallar «Elkjøp-Bingo», fortel Øystein Schmidt, kommunikasjonssjef i Elkjøp.

– Mottakaren skal lokkast til å delta i ein nettbingo som ved første augekast ser ut til å vere lagt til rette av oss, men det er han så absolutt ikkje. Det er berre svindel, åtvarar Schmidt.

Risikoen ved å bli narra til svare på slike e-postar er blant anna at kontoen din kan bli tømd – eller at svindlarane tappar pengar frå han litt for litt.

Langt betre norsk

Eit par veker før jul i fjor starta det som Øystein Schmidt skildrar som ei ny og meir profesjonell form for svindelforsøk. Elektronikkjeda vart kontakta av ei rekke personar som hadde fått e-post med beskjed om at dei hadde vunne ein konkurranse som tilsynelatande var i regi av Elkjøp.

Gevinsten var blant anna ein iPhone 6 og ein Samsung-tv på 55 tommar. Det einaste dei «heldige vinnarane» trong å gjere, var å betale fem kroner – til frakt.

Men det var snakk om ein svindel-e-post. Problemet er at svindlarane openbert har gjort svært mykje for å få folk til å tru at e-posten var frå Elkjøp.

– Dei hadde brukt logoen vår og elles etterlikna det grafiske uttrykket vårt. Mange kundar har fortalt oss at dei vart lurte. E-postane verkar ganske så truverdige. Det er tydelegvis slutt på dei mange skrivefeila vi kjenner frå dei såkalla Nigeria-breva. Desse nye e-postane er skrivne på nærmast feilfritt norsk, seier Schmidt.

Det er ikkje berre Elkjøp som har fått varemerket sitt misbrukt i denne nye bølgja med svindel via e-post og tekstmeldingar. Dei siste månadene har det same skjedd med blant andre DNB, Posten, Netflix, Expert og Komplett.no.

– Vi oppdaga rett før påske at logoen og namnet vårt hadde vorte brukt i falske e-postar om fiktive konkurransar. Det er komme ein del ulike variantar av desse e-postane, men bodskapen er alltid at ein har vunne noko, og at ein må betale ein liten sum for å få gjenstanden tilsendt, seier kommunikasjonsdirektør Ingebjørg Tollnes i Komplett.

Vart lurt til å betale

Ein mann frå Austlandet opplyser at han gjekk fem på den falske konkurransen der e-posten såg ut til å vere frå Elkjøp. Han trudde han hadde vunne og klikka på lenka for å betale dei fem kronene.

– Nettsida eg hamna på, minte om ei anna nettside eg bruker når eg kjøper ting via internett. Det verka derfor påliteleg. Eg betalte og vart send vidare til ei ny nettside med eit innhald som gjorde at eg forstod at noko var feil. Da var eg rask med å kontakte banken og sperre kontoen. Eg er flau over at eg lét meg lure, men både e-posten og betalingsnettsida var proft utforma. Heldigvis tapte eg berre fem kroner og utgifter til nytt kort, men det er ei ekkel kjensle å ha gitt frå seg kontoinformasjon til svindlarar, seier mannen, som ønskjer å vere anonym.

Han fortel at han prøvde å finne ut kven som stod bak svindelen. Ifølgje banken hans enda dei fem kronene hos eit selskap på Kypros. Om selskapet faktisk står bak svindelen, kan mannen likevel ikkje vere heilt sikker på.

Personane som står bak e-postsvindlane, held nesten alltid til i utlandet. Det stadfestar både politiet og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

Politiførstebetjent Rune Watz Sundeng i Aust politidistrikt, har etterforska ein del saker som dreier seg om e-postsvindel.

– Det er svært vanskeleg for norsk politi å finne ut kven som står bak. Når vi følgjer spora, endar vi som regel opp i utlandet, med andre ord utanfor norsk jurisdiksjon. Svindlarane skjuler spora sine svært godt, og som oftast er det tukla med IP-adresser, fortel Sundeng.

Meiner nordmenn er naive

– Det er ikkje utan grunn at mange nordmenn blir utsette for svindelforsøk via e-post og SMS. Vi har pengar, og vi er naive og høflege, seier seniorrådgivar Terje Pedersen i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).

Pedersen meiner nordmenn bør vere meir skeptiske til e-postane vi får, både når det gjeld å opne dei og å svare på dei – på grunn av risikoen for virus og svindel.

– Vi må bli langt flinkare til vere på vakt og sjekke kven avsendaren er. Og du må absolutt ikkje gi frå deg kontonummer og annan personleg informasjon viss du ikkje er 100 prosent sikker på at det er til ein ærleg aktør, seier Pedersen, som blant anna jobbar med internett-tryggleik.

Anne Dybo, rådgivar i Økokrim, fortel at ho dagleg får meldingar frå folk som har vorte svindla eller prøvd svindla via e-post eller tekstmeldingar.

– Har du berre gitt frå deg kontonummeret, må du kontakte banken og sperre kontoen. Har du gitt frå deg både kontonummer og fødselsnummer, er det litt meir kronglete. Da må du mellom anna sørgje for at svindlarane ikkje kan ta opp lån i ditt namn, seier Dybo. Ho legg til at eventuelle politimeldingar av e-postsvindel må leverast til det lokale politikontoret.

Til toppen