SVINDEL: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, oppmodar alle som vert oppringt frå Microsoft om å leggje på og ikkje late seg lure. Foto: Ina Eirin Eliassen.
SVINDEL: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, oppmodar alle som vert oppringt frå Microsoft om å leggje på og ikkje late seg lure. Foto: Ina Eirin Eliassen.

– Ikkje lat deg lure av Microsoft-telefonane

Har du blitt oppringt av ein engelsktalande person som hevdar du har virus på datamaskina di? Legg på.

Indre Sogn: Det er ikkje noko nytt fenomen, og det er ikkje første gongen Porten.no skriv om dei såkalla Microsoft-svindlarane. 

Det kan verke som oppringingane foregår i bølgjedalar, og no er dei definitivt på ein topp, for stadig får politiet no melding frå personar som er forsøkt svindla.

Oppmodinga frå lensmann i Årdal, Magne Knudsen, er klinkande klar:

– Ikkje lat deg lure av Microsoft-telefonane som ringjer. Ikkje svar dei, og ikkje lat deg lure av at dei skal hjelpe deg.

På litt gebrokkent engelsk sit det nemleg personar i ein heilt annan del av verda og ringjer opp nordmenn. Nummeret dei ringjer frå ser norskt ut, og difor er det mange som svarar.

Då vil dei hevde at du har eit problem med datamaskina di, før dei ber deg gjere bestemte operasjonar med datamaskina di slik at dei til slutt kan ta kontroll over ho. 

Telefonnummera som går igjen er +47 917 26 500 og +47 917 66 800. Ser du desse nummera på telefonen, lat vere å svare. Og skulle du ta telefonen, og nokon ringjer deg frå Microsoft, legg på. 

Til toppen