IKKJE LETT: Tankefull Jan Olav Fretland midt i biletet. Foto: Ole Ramshus Sælthun
IKKJE LETT: Tankefull Jan Olav Fretland midt i biletet. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Ikkje lett å vera Fretland

- Eg hallar mot eit "ja", men det er nesten umogleg å vera den som skal bikka dette eine eller andre vegen.

Mykje tyder på at styremedlem Jan Olav Fretland sit på vippen når fusjonsspørsmålet skal avgjerast. Av dei 11 styremedlemmane hellar fem for og fem mot, slik det kan sjå ut no. Jan Olav Fretland er ellevtemann.

Ramsa opp punkt for og mot

Etter å ha ramsa opp ei rekkje punkt for og mot fusjon - og fått skryt av styreleiar Ueland for ei velbalansert framstilling, sa Jan Olav Fretland følgjande:

– Eg hellar mot eit "ja", men må kjapt leggja til at det er nesten umogleg å sitja her og skulle bikka dette når fem interne styrerepresentantar ser ut til å vera mot. Det er ikkje lett å vera Fretland no.

Deretter bad han om ein pause. Den skal vara til om lag klokka 1520 bestemte styreleiar Trond Ueland. 

 

Til toppen