ONKEL POLITI: Her kan du oppdatere deg på dei viktigaste paragrafane frå dei nye politivedtektene til Sogndal kommune.
ONKEL POLITI: Her kan du oppdatere deg på dei viktigaste paragrafane frå dei nye politivedtektene til Sogndal kommune. (Arkiv)

Ikkje lov å bere sabel eller ta med ville dyr på offentleg stad

Politivedtektene i Sogndal har fått ei ansiktsløfting.

Sogndal: Politivedtektene til Sogndal kommune har ikkje blitt endra sidan 1967. Difor var det på høg tid at politikarane i torsdagens kommunestyremøte vedtok å oppdatere reglane for ro og orden i kommunen.

Dei fleste høyrer vel under kategorien sunn fornuft, som at du ikkje må lempe snøen ut i vegen når du måkar heime. Likevel kan det vere greitt å kunne dei, for brot på reglane kan føre til bot eller fengsel i opptil tre månedar.

Du kan lese dei blodferske vedtektene her, men for å gjere det enkelt har vi plukka ut eit knippe av dei litt meir slåande paragrafane:

  • Gjett kvifor: «Lause hundar må ikkje sleppast inn eller takast med på kyrkjegard.»
  • Klok av skade: «Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje takast med på offentleg stad utan løyve frå politiet.»
  • Kulturell lågalder: «Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette.»
  • For den som lurer: «Offentleg stad er  i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, stig, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er bestemt for allmenn ferdsle.»
  • Gjeld uansett promille: «På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode å urinere.»
  • Legg att sabelen heime: «Det er forbod å bere alle typar våpen på offentleg stad (skytevåpen, kniv, sabel og andre stikkvåpen m.m.).»
  • Tagging er framleis ikkje tøft: «På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på noko overflate mot offentleg stad, m.a. på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmiddel.»
  • Straffbar latskap: «Avfallsspann må ikkje plasserast på fortau og gategrunn utanom dei faste tømmedagane for innsamling av avfall.»

 

Til toppen