Ein stor og staseleg Renault, det er ikkje kvardagskost. Renault i Noreg har ikkje vore i den typiske familiebilklassen sidan Laguna forsvann i ei øyredøyvande stille for nokre år sidan.
Men det verkar som det franske bilmerket har fått litt energi i det siste etter å ha gjort mykje rart over mange år.
Talisman skrir inn på ein marknad der Passat er sjefen, og Renault har valt å berre ta inn stasjonsvognvarianten. Det er forståeleg. Av dei 3.397 Volkswagen Passat-ane som er nybilregistrerte til og med august i år, er det 91 sedanar.
Renaulten er med sine 487 centimeter litt lengre enn Passaten, og franskmennene har utnytta lengda til å lage ein elegant bil. Dei seinare åra har Renault gått bort frå den litt rare designen til eit meir konvensjonelt uttrykk. Sikkert trist for fansen, men opplagt meir populært i rekneskapsavdelinga til fabrikken. Det viser seg at dei aller fleste bilkjøparane helst vil ha bilar som ser ganske streite ut.
Artikkelen held fram under biletet.

Fin
På den andre sida tar det vekk særpreget. Kvifor skal ein velje ein Talisman i staden for ein så veletablert modell som Passat – eller Mazda 6 for den del?
Det er ikkje så lett å gi eit fullgodt svar på det, men det er lett å like den franske bilen for dei ytre kvalitetane. For Renault har lirka inn nokre detaljar som gir han eit visst særpreg, først og fremst i fronten.
Her har dei arbeidd inn eit uttrykk som går igjen i mellom anna den mindre Megane-modellen, og det har karakter. Talisman har samtidig fine proporsjonar, mens sidevindauga smalnar mot hekken slik at han får ein litt sporty utsjånad, noko som kanskje rettferdiggjer det fulle modellnamnet, nemleg Talisman Sport Tourer.
Standardmotor
Utgåva her har ein dieselmotor på 160 hestekrefter, noko som kan seiast å vere ein standardmotor i ein bil som dette. Det betyr at ein kan vente seg greitt med skuvekraft, men utan at det blir sportsleg. Likevel har utgåva firehjulsstyring, noko som gir litt ekstra samanlikna med konkurrentane.
Artikkelen held fram under biletet.

Renault kallar dette 4 Control. Trikset er at bakhjula kan svinge nokre grader den motsette vegen av framhjula i opp til 80 kilometer i timen, same retninga etter det. Det gjer at du treng mindre rattutslag i låg fart, og du får betre stabilitet når farten blir høgare.
Dette er med på å gi bilen god komfort, og med det aktive understellet som følgjer med 4 Control-pakka, kan du tilpasse bilen til det køyremønsteret du ønskjer. Opsjonen kostar 16.500 kroner og er absolutt noko ein bør velje.
Innvendig har Renault gått for ein skjerm som du styrer med eit hjul og ved berøring, og som dominerer det visuelle. Som hos dei fleste andre bilprodusentar har mykje av knappefloraen forsvunne, og det har vorte eit retteleg ryddig interiør.
Sjarmerande
Både utsjånaden og materialvalet hadde vore premium for få år sidan, men det nivået har flytta seg éin etasje opp, ikkje minst hos Volvo og Audi, utan at det burde spele noka rolle. Renault har aldri prøvd å late som dei er premium, og det har neppe kundane heller.
Artikkelen held fram under biletet.

Kanskje har Renault Talisman det vesle ekstra som kan gi han ein skjerv av stasjonsvognmarknaden? Det er nokre skjer i sjøen, da særleg at han ikkje kan leverast med firehjulstrekk.
Motorutvalet burde likevel dekkje dei fleste behov. Frå det som må vere ein altfor snau motor på 110 hestekrefter, via 130, 150 og 160 til ein 200-hestar, der 150 og 200 er bensin. Alle kan leverast med automatgir.
Reint objektivt sett er det ikkje så lett å seie at bilen er betre enn konkurrentane, men subjektivt sett er det ein meir sjarmerande bil enn storseljarane i klassen, Ford Mondeo og Volkswagen Passat. For den som har eit veldig varsamt behov for å skilje seg ut, er Talisman eit fornuftig val.