MARGINALT: Bjørn Indrebø i Årdal Tenk Tryggleik konstaterer at ein kjem forbi her - men det er med naud og neppe. Denne veka har naudetatane vore ein runde i Årdal for å sjå til at folk ikkje parkerer så dei store bilane deira blir hindra frå å koma fram. Foto: Ole Ramshus Sælthun
MARGINALT: Bjørn Indrebø i Årdal Tenk Tryggleik konstaterer at ein kjem forbi her - men det er med naud og neppe. Denne veka har naudetatane vore ein runde i Årdal for å sjå til at folk ikkje parkerer så dei store bilane deira blir hindra frå å koma fram. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Ikkje parker så du sperrar vegen for naudetatane

Når ein stor brannbil skal nå fram til ein brann er tida den avgjerande faktoren. Denne veka tok naudetatane ein runde i Årdal for å synleggjera kva som skjer om folk parkerer så dei hindrar store bilar å koma fram.

Årdal: - Me plar ta denne runden før jul for at folk skal vera bevisst på korleis dei parkerer. Kjem me over bilar som står slik at me ikkje kjem forbi med den store brannbilen set me på sirene og blålys. Då kjem som regel folk og fjernar bilane med ei gong, seier Bjørn Indrebø i Årdal Tenk Tryggleik.

Jula er høgsesong for brannar. I tronge gater skal det ikkje ei veldig slumsete parkering til før den store brannbilen ikkje kjem fram. Og den må sjølvsagt fram fort når den er på veg til ein brann.

- Me er på oppdrag for å berga liv. Så viss me ikkje kjem fort nok fram kan det gå gale, seier Eirik Pfeiffer, beredskapsleiar på Hydro, som køyrer den store brannbilen på runden denne dagen.

- Kva skjer dersom de er på veg til ein brann og blir hindra av parkerte bilar, og ingen kjem ut og fjernar bilen når de slår på sirene og blålys?

- Om det ikkje er ein blindveg så me kjem rundt på andre vis går det greitt. Men er det snakk om ei gate som er einaste moglegheit for å koma fram til staden må me i ytste konsekvens brøyta oss fram. Her rådfører me oss med politiet over naudnettet, seier Indrebø.

- Folk må tenkja over korleis dei parkerer

Også politiet er ute med sine største bil på runden, pluss helse med ein ambulanse - ikkje berre brannar, men også ved akutt sjukdom og visse typer valdssaker er tida den knappe faktoren for naudetatane. Dei tek føre seg både Øvre Årdal, Årdalstangen og Seimsdalen.

Artikkelen held fram under biletet

GIR RESULTAT: Bjørn Indrebø i Årdal tenk tryggleik (f.v.), lensmann Magne Knudsen, ambulansearbeidar Trond Sætre og ambulansevikar Yvonn Lingjerde kan konstatera at folk generelt er flinke til å parkera på ein måte som ikkje hindrar bilane deira i å koma fram og trur slike rundar for å førebyggja dette er noko av grunnen.
GIR RESULTAT: Bjørn Indrebø i Årdal tenk tryggleik (f.v.), lensmann Magne Knudsen, ambulansearbeidar Trond Sætre og ambulansevikar Yvonn Lingjerde kan konstatera at folk generelt er flinke til å parkera på ein måte som ikkje hindrar bilane deira i å koma fram og trur slike rundar for å førebyggja dette er noko av grunnen.

- Hagavegen på Tangen og Midtunsvegen i Øvre er dei som oftast byr på problem. I Midtunsvegen var det eit par tilfeller i dag, men i Hagavegen var det blåst. Me sjekka også ved Årdal Gym, den kan by på trøbbel om folk parkerer ved innkøyring forbode-skiltet der.

I Eriksvegen på Tangen er det smalt, og her står ein bil parkert så det berre er snakk om centimetrar for at brannbilen kjem forbi. Den store bilen skapar straks merksemd i nabolaget så folk kjem til - og eigaren får beskjed om at bilen må parkerast annleis.

- Det er ikkje ulovleg å parkera slik, men folk må tenkja over korleis dei parkerer - naudetatane er nøydde til å koma fram, seier Indrebø.

Ver obs på levande lys, skøyteleidningar og batteri i røykvarslarar

Han påpeikar at folk generelt er flinke til å parkera på ein måte så bilane ikkje hindrar framkommelegheit.

- Me har berre hatt eit par tilfeller i dag, og det er veldig bra. Dette var eit større problem før, og desse rundane me tek før jul for å førebyggja hjelp nok på.

Så skal det jo helst ikkje brenna nokon stad i det heile. For å gjera heimen mest mogleg brannsikker minner Indrebø om faremomenta.

- Sløkk levande lys når du forlet rommet, ikkje ha for mykje skøyteleidningar med mange uttak så det blir overbelasta og sjekk eller byt ut batteri i røykvarslarane. Me har hatt ein runde hjå dei over åtti år og sett på det elektriske og røykvarslarar - det såg veldig bra ut. 

Til toppen