SKUFFA: Morten Skarsbø og resten av Arbeidarpartiet i Årdal er skuffa etter resultata så langt på valdagen. Foto: Arkiv.
SKUFFA: Morten Skarsbø og resten av Arbeidarpartiet i Årdal er skuffa etter resultata så langt på valdagen. Foto: Arkiv.

– Ikkje sett føre oss dette

Morten Skarsbø, leiar i Årdal Arbeidarparti, er skuffa.

Resultata etter førehandsstemminga i Årdal kommune syner at Senterpartiet fossar fram med 41,6 prosent, medan Arbeidarpartiet har fått 39,9 prosent av stemmene.

– Førehandsstemmene er eit kraftig signal om nedgang i stemmene. Det er nesten snakk om eit opprør, seier Skarsbø.

Skarsbø nyttar samstundes sjansen til å gratulera Senterpartiet med eit godt val i Årdal hittil i år. 

 

Til toppen