Fylket: I januar var det ein tilgang på 901 nye ledige stillingar. Dette er ein auke på 17 prosent frå same periode i fjor.
Sist Sogn og Fjordane hadde eit så høgt tal for ein enkelt månad, var i mars 2011. Det er flest nye ledige stillingar innan industriarbeid og helse, pleie og omsorg, reiseliv og transport.
– I Førde åleine vart det lyst ut 188 ledige stillingar i januar. 76 av desse er innan helsevesenet. Dei andre fordeler seg på mange ulike yrkesgrupper, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, i ei pressemelding.
Lågaste arbeidsløyse i landet
Også arbeidsløysa har gått kraftig ned i januar samanlikna med same månad i fjor.
– Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane er redusert med 24 prosent samanlikna med januar i fjor.
Det betyr at med 1081 heilt ledige, noko som utgjer 1,8 prosent av arbeidsstyrken, har Sogn og Fjordane klart lågast arbeidsløyse i landet.
23 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i januar. Reduksjonen er størst i Flora med 82 færre ledige enn på same tid i fjor. Hornindal har lågast arbeidsløyse med 0,7 prosent. Deretter kjem Gloppen med 1,1 prosent. Den høgaste arbeidsløysa finn vi i Hyllestad med 3,4 prosent.