FÅR FLYTTE: Tannlege Silje Hove har fått ja frå formannskapet i Årdal om å flytte tannlegepraksisen. Sandra Opheim (MDG) (biletet) meiner det ikkje er Hove sitt ansvar å halde liv i sentrum på Årdalstangen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
FÅR FLYTTE: Tannlege Silje Hove har fått ja frå formannskapet i Årdal om å flytte tannlegepraksisen. Sandra Opheim (MDG) (biletet) meiner det ikkje er Hove sitt ansvar å halde liv i sentrum på Årdalstangen. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

– Ikkje Silje Hove sitt ansvar å halde liv i sentrum

Formannskapet i Årdal sa ja til at tannlege Silje Hove får flytte praksisen sin til eigen privatbustad. 

Årdalstangen: Tannlege Silje Hove held i dag til i tredje etasje i det gamle Samvirkebygget på Årdalstangen, men meiner lokala ikkje er tilfredsstillande.

Ifølgje ho sjølv finst det ikkje alternativ i nærleiken som fyller krav til mellom anna lokalisering og prisklasse. Tysdag sa formannskapet i Årdal samrøystes ja til å late Hove flytte praksisen sin til privatbustaden på Hæreid.

– Ap-gruppa har kome ned på at for tiltakshavar og lokalsamfunnet er det viktig at tenesta vert beholdt. Det er klart eg ser og har forståing for innspela som er komne, men samstundes handlar det om forutsigbarheit for tiltakshavar, sa Hilmar Høl (Ap).

Artikkelen held fram under biletet.

FLYTTE: Silje Hove vil flytte praksisen sin fordi ho meiner dagens lokale ikkje er høveleg nok.
FLYTTE: Silje Hove vil flytte praksisen sin fordi ho meiner dagens lokale ikkje er høveleg nok.

– Ikkje hennar ansvar

Det var både Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne samde i. 

– Dette tiltaket er viktig, ikkje berre for tangingar, men også øvringar. Silje har fått god omtale i bygda, og me har behov for ho. Tannlegar har me behov for alle plassar, la Erling Offerdal (Sp) til.

–  Silje Hove har gjort ei grundig vurdering av kva som vil tene hennar praksis best, sjølvsagt. Det er ikkje hennar ansvar å halde liv i sentrum på Årdalstangen, sa Sandra Opheim (MDG).

Det kom to merknader til saka frå to av naboane hennar, som peikte på mellom anna innsyn, fare for auke i bemanning og ein skepsis til å flytte næring frå sentrum på Årdalstangen og ut til eit bustadstrok. 

LEIGEPRISAR: Høl (Ap) var ein av dei som meinte leigeprisane var for høge i sentrum.
LEIGEPRISAR: Høl (Ap) var ein av dei som meinte leigeprisane var for høge i sentrum.

Leigeprisar vart tema

Og det var nettopp det siste punktet mellom anna Årdal Utvikling spelte inn at politikarane burde ta ein prinsipiell debatt rundt. Dei siste åra har stadig fleire næringsverksemder blitt lagt ned eller flytta frå sentrum på Årdalstangen, noko som gir inntrykk av eit aude sentrum. 

Frå politisk hald har det blitt etterlyst tiltak for å gjere noko med dette. I møtet tysdag kom dei såvidt innpå dette med husleiger, som var ei av årsakene til at Hove ønskte å flytte.

– Det er ikkje min jobb å meine noko om kva næringslivet skal ta i leige, men sett i lys av andre område, som i Øvre Årdal, er dette på det dramatiske, sa Høl. 

– Det er dyrt å leige, og det bør kanskje politikarar og kommunen ta inn over seg kor dyrt det er å etablere seg i sentrum. Slike prisar kan me ikkje operere med dersom me skal byggje opp att noko i sentrum. 

Rådmann Olve Fossedal var så raskt ute med å påpeike at det ikkje er kommunen som eig det næringsbygget Hove driv i, og at dei difor ikkje hadde påverknad på pris her. 

Til toppen