USIKKER FRAMTID: Dagleg leiar for Coop Vest Geir Espe seier det ikkje er større sjanse for nedleggjing av Rimi med Coop enn med ICA. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
USIKKER FRAMTID: Dagleg leiar for Coop Vest Geir Espe seier det ikkje er større sjanse for nedleggjing av Rimi med Coop enn med ICA. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Ikkje større sjanse for ei nedleggjing med Coop enn med ICA

Rimi i Øvre Årdal går ei usikker framtid i møte sjølv om leiar i Coop Vest hintar om at butikken vil bestå dersom Coop får kjøpa opp ICA.

  • Endret


Måndag morgon vart det offisielt at Coop har inngått ein avtale med ICA Noreg om å kjøpa opp alle aksjane i ICA for over 2,5 millardar svenske kroner. 

Dermed påvirkar dette framtida til over 500 ICA-eigde butikkar over heile Noreg, blant anna Rimi i Øvre Årdal.

Før kjøpet kan bli gjennomført treng avtalen å bli godkjend av Konkurransetilsynet. Ifølgje konsernsjef for ICA Per Strømberg ville det ikkje vore mogleg å ha ein lønsam drift utan avtalen. 

Dagleg leiar for Coop Vest Geir Espe meiner det er ei spennande sak, men at det er umogleg å seia noko om kva som kjem til å skje vidare no som avtalen ikkje enda er godkjend.

Treng godkjenning

Om denne avtalen skulle gå rett veg for ICA og Coop, vil daglegvaremarknaden gå ifrå fire til tre store aktørar. Slike endringar kan få konsekvensar for både forbrukarane og konkurransen.

– Dette er eit oppkjøp som må til vurdering med marknadsdelar og korleis dette påverkar konkurransen lokalt og nasjonalt, seier kommunikasjonsrådgjevar for Konkurransetilsynet Ronny Turøy til Porten.no.

Underskot

Fleire kjeder under ICA har gått med underskot dei siste åra, men ifølgje konsernsjef Per Strømberg ville fleire butikkar blant anna i Nord-Noreg blitt nedlagt om ikkje ICA selde si norske verksemd. 

Strømberg meiner også at avtalen med Coop er den beste løysinga for ICA si virksomheit i Noreg der løysinga kjem til å føre til at fleire arbeidsplassar og butikkar blir bevarte. 

Ifølgje Strømberg er både butikkane og arbeidsplassane trygge i avtalen med Coop. Spørsmålet er kva som skjer dersom avtalen ikkje blir godkjend. 

– Det er ikkje nokon større sjanse for ei potensiell nedleggjing med Coop enn med ICA, seier Espe til Porten.no.

Butikksjef ved Rimi i Årdal, Anders Grøndal, opplyser til Porten.no at han ikkje får uttale seg om saka.

Til toppen