FLOTTE LØYPER: Gode forhold i Landedalen.
FLOTTE LØYPER: Gode forhold i Landedalen. (Foto: Privat)

IL Jotun har køyrt og merka 23 km skiløyper til påske

Det skriv Anders Hestetun i ein e-post til Porten.no.

Årdal: No er årets skiløype i Fardalsfjella klar. Turløypene er stikka frå Murane der Tindevegen har laga til parkering denne påsken. 

Snøforholda nede på Skisenteret er dårlege denne påsken, men vi er så heldige at Tindevegen er brøyta til Murane. Ut frå værmeldingane vil det bli strålande sol framover så alt ligg til rette for flotte skiturar i høgfjellet, skriv Hestetun. 

Frå Murane (1040 m.o.h) er det merka tre løyper med orange løypestikk.

Langedalen og Lovadalen

Det er merka ei løype frå Murane og inn til varden i Langedalen (1190 m.o.h).
Denne løypa går i lett terreng  innover mot Kore-elvane og vidare inn til ein stor varde.
Frå Murane er det ca 4 km inn til varden.

Frå denne løypa er det også stikka ein slakk fin runde på nokre km opp langs Kore-elvane og ein innover i Lovadalen, før løypa vender ned att i Langedalen.

Desse løypene går i lett terreng så i følgje Hestetun kan du fint gå med løypeski når sola har teke att nattefrosten.

Åsete – Murane

Den finaste turen har du om du går om stølen Åsete og vidare til Murane. No når det har vore nattefrost er det lett å gå frå Skihytta og rett opp lia til Åsete (950m).

PÅSKESTEMNING: Held sola fram med å skina blir det svært gode forhold i fjella framover. Foto: Privat

Her er det køyrt spor heilt frå stølen. Når du kjem over skoggrensa er det kvista fram til bandet mot Austabotn. Her ser du mange av dei høgste og mest alpine tindane våre. Du kan blant anna sjå Storen (2405m), Ringstindane (2124m) og Austabotntindane (2202m).

Vidare ned til Murane er det stikka med orange løypestikker.

Om du berre vil gå ein tur frå Murane og innover i Austabotn er det berre å ta opp frå parkeringsplassen og fylgje stikka innover fjellet og nyte utsikten til dei flotte tindane våre. 

Til dykk som har fått brukt randone-skia lite i vinter, kan vi nemne at det var fleire som hadde ein fin tur til Kyrvassnosi (1567m) i dag. 

Påskerennet

Som vanleg vil vi prøve å få til påskerenn i Fardalen. I år må vi arrangere rennet på Murane, men får vi dei forholda vi har no, blir det ein fin dag. Alle ungar som vi delta, er velkomne til renn kl 13.00 på påskeafta på Muradn.

Skihytta er open i påskehelga, men vi reknar med dei fleste dreg innover i fjellet der det er gode snøforhold og fine løyper. Det vert difor lite service i kiosken denne påska, og det vert heller ikkje påskeandakt i Skihytta på påskeafta, avsluttar han i e-posten. 

Til toppen