MOT MURADN: Løypestikkarane har vore nede til Åsete frå Muradn. No er dei på veg attende over skaret til stølen på Muradn.
MOT MURADN: Løypestikkarane har vore nede til Åsete frå Muradn. No er dei på veg attende over skaret til stølen på Muradn.

IL Jotun har køyrt opp og stikka to turløyper i Fardalen

Dei køyrde i fjell og dalar i Fardalen i fire timar laurdag, og fekk sett i stand to løyper. Den eine er litt lettare, den andre litt meir krevjande. 

Årdal:  Eg ser det er skispor på kryss og tvers oppå åsryggane. Det er tydeleg at folk har ein fin skivinter, seier Anders Hestetun, som er ein av dei som har køyrt opp og stikka løyper for IL Jotun i fjellet i Fardalen laurdag.

Det er på denne tida av seinvinteren at IL Jotun plar køyra opp og stikka løyper i Fardalen. Tidlegare har ikkje Hestestun sett at det er so mange skispor å sjå på årsryggane når dei køyrer opp løypa. 

– Eg trur det har med dei gode snøforholda å gjera. Det er ein del hengskavlar i lesidene, men om du er kjent i området er det greitt å ta seg ned att i dalen. Snøen har stabilisert seg no, seier Hestetun. 

 
MØTTE FOLK PÅ TUR TIL FJELLS: Det var skigåarar som hadde kome IL Jotun i forkjøpet, som alt hadde byrja å gå i fjellet før løypene kom på plass. 

IL Jotun kjem til å preparera turløyper framover til Murebrekka til helgane frametter. I dei  stikka løypene på høgfjellet vert det ikkje køyrt spor. Lysløypa vert preparert til treningsdagane tysdagar og torsdagar, og so i helgane.

Idrottslaget brukar å køyre opp løypene i februar når fleire tek turen opp i høgfjellet. 

NÅR SOLA VARMAR: Når sola byrjar å varma litt, sjølv høgt oppe i fjella i Fardalen, set IL Jotun opp stikker langs fjelløypene og gjer klar til skiturar i påska.

– Når me er på 1300 meters høgde kan det vera litt kaldt i januar. Men når so sola byrjar å varma, då synest folk det er fint å gå på tur so høgt til fjells, seier Hestetun.

Å stikka løypene tok fire timar.

– Det var flotte forhold me observerte. Det er store mengder snø i fjellet, so det vert nok fine skiforhold til langt utetter våren oppe i høgfjellet.   

Den lette løypa

Dei to løypene frå skisenteret i Fardalen som no er stikka opp, vil vera velkjende for dei fleste lesararane. Den eine er lettare og den andre meir utfordrande. Begge har det til felles at dei byd på vakre utsyn. 

GAMALT MERKE I TERRENGET: Dei er komne fram til varden i Langedalen. Dette er målet for den lette løypa, og her er det vanleg å snu. 

Den kortaste løypa går langsmed Tindevegen innover til stølen Murane. Frå Murane går turen inn forbi Kore-elvane og til den store varden i Langedalen 1190 meter over havet. Ein klatrar 550 meter i terrenget på denne mila. 

Ruta har vore greitt tilgjengeleg for turgåarar også før IL Jotun kom med scooter og stikka. 

– Men det er viktig å setja opp løype i høgfjellet, for her kan vêrtilhøva skifta fort. Me ser med glede på at fleire nye turlauparar er å sjå i dette fjellområdet. Me ser at fleire av dei som har lytta til Årdal dei siste åra er svært glade i å nytta den fine naturen me har rundt oss. For oss i IL Jotun er det difor viktig å ha dette tilbodet, seier Hestetun. 

Den meir utfordrande løypa er ein rundtur

Hestetun synest den flottaste skituren Fardalen har å by på, er når du går rakt opp frå skihytta til stølen Åsete, og so vidare over fjellet til stølen på Muradn. 

Denne turen går rett opp akebakken frå skihytta. So ber det vidare opp lia til ein kjem til Stølen på Åsete. Det er mindre enn ein kilometer å gå, og løypa er merka med band.  

MOT ÅSETE: Her er utsendingane frå IL Jotun på veg opp frå Muradn mot skaret over til Åsete. 

– Det er lett å gå frå skihytta og opp lia no. I det siste har det vore så mange som har gått her at du kan ta av deg skia og gå utan truger opp til stølen, seier Hestetun. 

Han har observert at fleire og fleire nyttar seg av randoneski. Dei som går på randoneski likar å gå opp lia, og so køyra ned att gjennom skogen til skihytta. 

Men for dei som vil halda fram rundturen mot Muradn frå Åsete-stølen, er det å halda fram over fjellet i den nyss stikka løypa. 

AUSTABOTTEN: Sett frå elva i Langedalen. 

– Det er fantastisk utsyn oppå fjellet der mot toppane i vestre Jotunheimen. Ein ser mot Austabotten og den majestetiske skorsteinen litt til høgre, som er Storen. Dette er det flottaste innsynet mot vestre Jotunheimen som me har, tykkjer Hestetun. 

Når ein kjem til Muradn held løypa fram langs Tindevegen og ned til skihytta. Heile turen er på 13 kilometer, og Hestetun meiner du treng å rekna ein liten time. 

Til toppen